en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Humaniorastudentane får praksis

For første gang kan humaniorastudentar no gå ut i praksis medan dei studerer ved UiS.

Denne gjengen drar i gang praksisemne for humaniorastudentar våren 2019. Frå venstre Ine Fintland, Jan Inge Reilstad, Brita Strand Rangnes, Birk Magnussen, Marita Aksnes og Espen Røsbak. Denne gjengen drar i gang praksisemne for humaniorastudentar våren 2019. Frå venstre Ine Fintland, Jan Inge Reilstad, Brita Strand Rangnes, Birk Magnussen, Marita Aksnes og Espen Røsbak.

- Vi er veldig glade for å kunne tilby studentane praksis som del av studiane ved Universitetet i Stavanger, seier Brita Strand Ranges. Ho er prodekan for utdanning ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora, og levande opptatt av kvalitet i studieløpet.

Det nye praksisemnet gir 15 studiepoeng, og dei første studentane går i gang i januar 2019. Totalt skal det leggjast ned 225 arbeidstimar i løpet av våren. Det er Institutt for kultur- og språkvitskap som står for emnet, og det er ope for studentar innan språk, historie og religion.

Frå før har statsvitskap- og sosiologistudentar hatt høve til å ta praksis på som del av utdanninga si på Fakultet for samfunnsvitskap, og det nye humaniora-emnet har henta erfaringar frå gode kollegaer på SV-fakultetet.

- Dette er primært eit tilbod til dei som går siste året på bachelorgrada. Tanken er at emnet skal la seg kombinere med å skrive ferdig bacheloroppgåva, seier Rangnes.

Prodekanen er svært godt nøgd med verksemdene som har takka ja til å samarbeid om praksisemnet.

- Her snakkar vi om svært solide aktørar på kulturfronten i Stavanger. Hjå desse verksemdene vil studentane våre få mykje og verdifull erfaring, meiner Rangnes.

Ho er glad for dette høvet til å skape eit bindeledd mellom universitetet og arbeidslivet, og ser på det nye tilbodet som ein vinn-vinn situasjon.

- Det er mange om beinet når humaniorakandidatar skal søke seg relevant arbeid som nyutdanna. Med relevant praksiserfaring frå ei av dei sju verksemdene vi no har fått avtale med vil studentane stille sterkare i møtet med arbeidslivet. På den andre sida håpar vi at kultur-Stavanger kan få eit betre innblikk i kva UiS står for og kan by på innan humaniora, seier Rangnes.

Vil du planlegge 900-årsjubileet?

I førre veke arrangerte ho eit informasjonsmøte, der studentar fekk høve til å møte fire av dei verksemdene som har sagt ja til å ta i mot praksisstudentar. Kåkå, Arkivenes hus, Stavanger kommune og Kapittel hadde tatt turen til Ullandhaug for å skildre kva dei kan tilby og kva dei forventar av studentane som skal ut i praksis.

- Vi har ingen arrangement. Hos oss får du ikkje snakke med forfattarar eller arrangere debattar. I staden får du sjå korleis politikk og administrasjon spelar saman i praksis, og du får vere med og planlegge korleis Stavanger skal feire 900-årsjubileumet i 2025, sa Marita Aksnes i kulturavdelinga i Stavanger kommune. Saman med 6 andre rådgjevarar i kommunen forvaltar ho kommunedelplanen for kunst og kultur.

Debattar får dei derimot vere med på, dei som skal i praksis hjå debatt- og litteraturhuset KåKå. Dagleg leiar Jan Inge Reilstad har sjølv ei fortid på UiS, og ser det nye IKS-emnet som eit godt høve til å styrke banda mellom universitetet og byen.

- Vi har godt samarbeid med Handelshøgskulen ved UiS om Kåkånomics, og vår praksisstudent vil vere aktiv i planlegginga av neste Kåkånomics i oktober 2019, sa Reilstad. Den som kjem til oss vil få innsikt i korleis ein liten kulturorganisasjon blir drifta, og vi håpar at studenten kan sjå på oss med sine auge utanfrå og kanskje skrive ein rapport om akkurat det?

Bli kjent med innsida av Kapittel-festivalen

Kapittel-sjef Espen Røsbak kan by på forfattarkontakt for dei som vil ha det.

- Vår praksisstudent skal jobbe saman med meg om å planlegge neste års Kapittel-festival, fortel han. Vedkommande vil likevel også få operativ erfaring gjennom å delta i arbeidet med programavvikling på Sølvberget.

Førstearkivar Ine Fintland på Arkivenes hus er den einaste som ikkje held til i Stavanger sentrum.

- Det veg vi enkelt opp for med å ha det nyaste og kanskje finaste bygget på Ullandhaug!  Vegen er kort frå campus og ned. Hjå oss blir du del av eit miljø som forvaltar 260 000 hyllemeter med arkiv, 130 000 kart og om lag 8-10 millionar foto. Berre fantasien set grenser for kva det går an å bruke dette datamaterialet til. Studenten vår vil ta del i arbeidet med å ta vare på dette arkivmaterialet og gjere det tilgjengeleg for bruk. 

Reell arbeidssituasjon

Felles for alle verksemdene er at dei vil sjå praksisstudenten an, og saman med studenten finne dei oppgåvene som passar best. Samstundes er det eit viktig poeng at studentane skal utføre arbeidsoppgåver som uansett skal gjerast i verksemdene.

- Vi er opptekne av at dette skal likne på ein reell arbeidssituasjon, fortel Rangnes. Studentane må møte eit karakterkrav, skrive ein søknad og møte på intervju hjå arbeidsgjevar. Det er 7-10 praksisplassar tilgjengeleg no det første semesteret, og vi håpar det blir rift om plassane, avsluttar ho.

Vil du vite meir?

Søknadsfristen er 20. november. Om du tykkjer dette høyrest interessant ut tar du kontakt med Brita Strand Rangnes eller studiekoordinator Anne Siri Norland.