en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Er du historiestudent og ynskjer stipend?

Sauda sogelag lyser ut eit stipend på 25 000 kr til ein historiestudent som vil skriva ei bachelor- eller masteroppgåve om Sauda.

Studenten må vera viljug til å presentera oppgåva på eit medlemsmøte i Sauda sogelag og skriva ein artikkel i Årsskrift for Sauda sogelag.

Ynskjer du stipend?
Stipendsøknaden kan sendast til Sauda sogelag ved leiaren, Aslaug Astad, Hauen 6, 4200 Sauda. Styret i Sauda sogelag, saman med historikaren Arnvid Lillehammer vil avgjera kven som får tildelt stipendet. Stipendet vil bli utbetalt ved semesterstart hausten 2016.

Spørsmål om stipendet kan rettast til Roar Lund, telefonnummer: 950 32 183.

Søknadsfrist 1. mai 2016.