en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ofte stilte spørsmål

Nedanfor har me samla ein del spørsmål som mange studentar lurer på i forkant av utvekslingsopphaldet.

Kva er eit utvekslingsopphald?
Eit utvekslingsopphald er eit delstudium på eit semester ved eit av våre samarbeidsuniversitet i utlandet. Du skal ta dei same faga som du skulle ha tatt ved UiS og desse blir innpassa i studieplanen når du kjem heim.

Kor finn eg meir generell informasjon om utveksling?
Du vil finna informasjon på våre nettsider. Besøk gjerne Internasjonalt kontor i Kitty Kiellands Hus (3.etasje) der du kan finna brosjyrar og anna informasjonsmateriell.

Når er søknadsfristen for å søka om utveksling?
Internasjonalt kontor har to søknadsfristar i året: 1. september dersom du søker om utveksling i vårsemesteret og 1. februar for utveksling i haustsemesteret. Merk at Institutt for musikk og dans har egne frister.

Kan eg senda inn søknad etter fristen?
Nei, søknadsfristen er absolutt og det er ikkje mogleg å senda inn søknad etter at fristen er gått ut. Dersom sjukdom er grunnen for at du ikkje har fått registrert søknaden din så må legeerklæring leverast til internasjonalt kontor.

Kva skjer etter at eg har registrert søknaden min?
Innan eit par veker vil du få ein e-post frå Internasjonalt kontor med namn på din sakshandsamar og informasjon om den vidare prosessen.

Kva må eg gjera viss eg vil trekka søknaden min?
Det er viktig at du snarast råd informerer din saksbehandlar om at du trekk søknaden din, helst innan ein månad. Det er mange som er involverte i denne prosessen og vi set i gang eit stort apparat både her på UiS og på vertsuniversitetet for at du skal få reisa på utveksling. Du må også hugsa på at ein annan student kan få plassen din dersom du trekk deg - gje oss beskjed så snart som råd!

Kan eg senda søknad før eg får faga mine godkjent på instituttet?
Ja, du sender inn elektronisk søknad om utveksling uavhengig av søknad om førehandsgodkjenning, men me anbefaler alle studentar til å byrja tidleg med å leita etter relevante fag.

Kor finn eg informasjon om dei universiteta som er aktuelle for meg?
Under "Hvor og når kan eg reise" klikker du først på ditt FAKULTET og vidare på ditt STUDIEPROGRAM

Kvifor er det berre tre anbefalte lærestader under mitt program?
Sjølv om Universitetet i Stavanger har avtalar med mange universitet i utlandet så er universiteta på lista dei lærestadene som ditt institutt har vurdert til å vera dei mest relevante for studentar på ditt program.

Kva betyr det at eg er nominert?
Det betyr at din sakshandsamar ved Internasjonalt kontor har sjekka at du oppfyller dei formelle kvalifikasjonane for å kunne søka om utveksling og underretta universitetet du har søkt deg til om at dei kjem til å motta søknad frå deg.

Når får eg svar på søknaden min frå universitetet eg har søkt på?
Saksbehandlingstida kan variera, men du vil få svar i god tid før planlagt utreisetidspunkt. Me fraråder alle på det sterkaste om ikkje å bestilla flybillettar før dei har fått opptaksbrev. Opptaksbrev eller bekreftelse på opptak blir sendt til studentane i mai-juni, gjerne tidlegare dersom du skal reisa på utveksling til land utanfor Europa.

Kor mykje får eg i stipend og reisestøtte?
Studentar som får ERASMUS- eller NORDPLUS-stipend får økonomisk støtte utover dei ordinære satsane til Statens Lånekasse for Utdanning.

Kva skjer dersom eg får avslag på søknaden min på vertsuniversitetet?
Dersom du får avslag frå universitetet du har søkt på så vil me starta prosessen med å søka deg til din 2.prioritet i søknadsskjema med forbehald om at søknadsfristen ikkje er gått ut.

Får eg tilbod om studentbolig på universitetet i utlandet?
Dei fleste universiteta me samarbeider med kan tilby studentbolig til våre studentar.

Må eg semesterregistrere meg og betale semesteravgift ved UiS når eg er på utveksling?
Ja, du betaler semesteravgift og registrerer deg på vanleg måte før du reiser til utlandet.

Får eg oppfølging av Internasjonalt kontor under utvekslingsopphaldet?
Internasjonalt kontor sender ut ein epost til alle studentar innan kort tid etter at dei er reist til utlandet for å høyra korleis det går. Den aktive oppfølginga frå din saksbehandlar blir avslutta når du har fått opptaksbrevet i hende.

Kan eg reisa på utvekslig til andre universitet enn dei UiS har avtale med?
Ja, men då er du ein såkalt freemover og søker heller ikkje om utveksling gjennom Internasjonalt kontor(IK). Du vil heller ikkje få oppfølging frå IK i perioden før avreise. (Hugs søknad om forhåndsgodkjenning av fag!) For meir informasjon: http://studeriutlandet.no/ 

Fann du ikkje svar på det du lurte på?
Send ein epost til utveksling@uis.no eller kom innom Internasjonalt kontor i Kitty Kiellands Hus (3.etasje). Kontoret er åpent for publikum mellom 10.00-14.00.