en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Czech Technical University

Czech Technical University (CVUT) ligg i den vakre, gamle hovudstaden Praha i Tsjekkia. Gamlebyen har eit yrande folkeliv med koselege restaurantar og kaféar. Elva Vlata renn midt i byen og deler sentrum i to. Er du på jakt etter eit unikt utvekslingsopphald treng du ikkje leite lenger.

  • © Czech Technical University
  • © Czech Technical University
  • © Czech Technical University

Informasjon om universitetet på nett  

Informasjon om utdanningsinstitusjonen
Czech Technical University (CVUT) er eit av dei eldste og største universiteta i Tsjekkia, frå 1707. Det er ca. 24.000 studentar ved universitetet, fordelt på sju fakultet og tre forskingssenter. Hovudvekta på utdanningane er teknisk-naturvitskaplege fag. Det finst kafeteriaer med rimelig mat fleire stadar på campusområdet. International student Club tilbyr assistanse, pick up-service, fadderordning, sightseeingturar og andre sosiale aktivitetar til internasjonale studentar. Universitetet tilbyr også eit introduksjonsprogram ved oppstart for nye studentar. Studentar får hjelp til å ordne det meste av praktiske/administrative ting i oppstartsveka.

Erasmus+-avtalen UiS har med CVUT er innan fagområdet "engineering" og "computer science" og er dermed aktuell for studentar på ulke program på Det teknisk-naturvitskaplege fakultet.

Undervisningsspråk
Engelsk

Krav om språkkunnskapar
Studentar som ønsker å reise på utveksling til dette universitetet må ha minimum B2 (les: høgare mellomnivå) i engelsk i henhold til Europarådets nivåskala for språk. Studentar som ikkje oppfyller kravet vil få tilbod om online språkkurs i forkant av opphaldet.

Krav om karakterer
Ingen karakterkrav

Antall utvekslingsplassar totalt 
2 (bygg/ingeniørfag)
2 (data)

Informasjon om skulepengar
Studentar som reiser på Erasmus+ utveksling er fritekne for skulepengar ved vertsuniversitetet

Stipend
Erasmus+ stipend i tillegg til lån og stipend frå Lånekassen

Val av emne
For informasjon om fagtilbodet, les meir på universitetet si heimeside
Liste over emner for byggstudentar sjå: FCE - Faculty of Civil Engineering
Liste over emner for data studentar sjå: FIT - Faculty of Information Technology

Semesterorganisering
Haustsemester: Oppstart medio september - medio januar
Vårsemester: Medio januar - slutten av juni

Studiepoeng i utlandet
1 studiepoeng = 1 ECTS credit 

Bustad
Internasjonalt kontor hjelper til med å finne bustad. Organisasjonen ”SUZ” administrerer bustadsordninga og kafeteriaene. Prisnivået er lågare enn i Noreg og kvaliteten kan vere lågare enn det ein er van med heimefrå. Det er difor viktig at ein tek seg tid til å lese om dei aktuelle bustadtilboda før ein sender søknad.

Visum
Norske studentar treng ikkje visum når de reiser på utveksling til Tsjekkia. Er du ikkje norsk statsborgar, må du sjølv sjekke om du treng studentvisum til Tsjekkia

Fleire spørsmål om utveksling?
Kontakt Internasjonalt kontor:
utveksling@uis.no
---
Erfaringsrapportar– frå studenter som har vore på utveksling.