en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

University of Wisconsin - Platteville

University of Wisconsin - Platteville (UW-Platteville) er kjend som 'the friendly college', som tar godt vare på studentane sine.

  • © University of Wisconsin
  • © University of Wisconsin
  • © University of Wisconsin
  • © University of Wisconsin
  • © University of Wisconsin

På nett: www.uwplatt.edu

Informasjon om utdanningsinstitusjonen
Dersom du søkjer eit mindre universitet, der det er lett å gjere seg kjend og finne seg til rette, er kan hende UW-Platteville noko for deg.

UW-Platteville vart grunnlagd i 1866, og i dag har universitetet om lag 7,500 studentar. Universitetet ligg i det sørvestlege hjørnet av Wisconsin, og byen Platteville har omlag 10,000 innbyggjarar.

Dette er eit undergraduate-universitet (bachelor-nivå) som har studieprogram innan jordbruk, biologi, økonomi, lov og rett, lærarutdanning, ingeniør, industriell teknologileiing, liberal arts, matematikk og naturvitskap.

Undervisningsspråk
Engelsk.

Krav om språkkunnskapar
Krav til engelskkompetanse er minimum karakter 4 i engelsk frå vidaregåande skule.

Alternativet er å ta ein engelsktest (TOEFL eller IELTS). UW-Platteville har desse krava:

  • TOEFL: A minimum score of 61 (Internet based)
  • IELTS: A minimum score of 5.5

Krav om karakterer
UW-Platteville ønsker primært at søkarane har minimum C i snittkarakter frå UiS, men studentar med snittkarakter D kan vurderast individuelt.

Antal utvekslingsplassar totalt
4

Antal gratisplasser
4

Informasjon om skulepengar
Ingen skulepengar, men nokre avgifter kan tilkomme.

Stipendmuligheter
Ingen kjente stipendmuligheter utover støtte frå Lånekassen.

Semesterorganisering
Haustsemester: Rundt 1. september til 20. desember
Vårsemester: Rundt 20. januar til 19. mai

Detaljert akademisk kalender.

Val av emne
Her kan du finne UW-Platteville sin studiekatalog (2014-2016).

Emneomtalane startar på side 185, og det er ein indeks på side 327. 

Katalogane vert lagt ut på UW-Platteville si nettside.

For informasjon om kva for emner som vert undervist i det aktuelle semesteret, sjå timeplanoversikt (velg Browse Classes). Høst = Fall, Vår = Spring.

Studiepoeng i utlandet
15 credits = 30 studiepoeng (på bachelornivå).

Bustad
Informasjon om bustadtilbodet.

Visum
Alle som skal studere i USA må ha visum. Les meir.

Fleire spørsmål om utveksling?
Kontakt Internasjonalt kontor:
utveksling@uis.no

---

Erfaringsrapportar – frå studentar som har vore på utveksling