en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

University of KwaZulu-Natal

  • © University of KwaZulu-Natal
  • © University of KwaZulu-Natal
  • © University of KwaZulu-Natal

På nett: www.ukzn.ac.za

Kvifor studere ved UKZN
UKZA er eit stort universitet med ein imponerandes kurspotefølje. Bredda i kurs er enorm, og burde kunne tilfredsstille dei fleste. Samstundes bør studentar som vel å reise hit vere både modne og klare for å tåle ei utfordring.

Om universitetet
UKZN vart etablert i 1. januar 2004, etter ei samanslåinga av det tidligare "kvite" University of Durban-Westville og det "svarte" University of Natal. Dei har i dag heile 45 000 studentar og 6000 tilsette. UKZN reknast som eit svært internasjonalt universitet, med 2700 internasjonale studentar frå 70 ulike land. Samstundes er universitetet oppteke av å vere eit Sør-Afrikansk, post-apartheid universitet, ved å nytte eigne ressursar og akademisk ekspertise til å bygge opp og utvikle det afrikanske kontinentet.

Etter samanslåinga har universitet slitt med ein del strukturelle utfordringar, og ein skal ikkje stikke under ein stol at dei er underbemanna.

Universitetet har fem colleges:

  • College of Agriculture, Engineering and Science med Faculty of Engineering og Faculty of Science and Agriculture
  • College of Humanities med Faculty of Education og Faculty of Humanities, Development and Social Sciences
  • College of Health Sciences med Faculty of Health Sciences og Nelson R Mandela School of Medicine
  • College of Law and Management Studies med Faculty of Management Studies og Faculty of Law

Campus
UKZN har fem campus: The Edgewood Campus, Howard College, Medical school, Westville, som alle ligg i, eller nær Durban, og Pietermaritzburg campus i byen med same namn.

Fasilitetar
På alle campus, med unntak av Medical School, er det både utandørs og innandørs sportsfasilitetar med tennis og squashbanar, symjebasseng og treningssentra. Der er og fleire sportsklubbar med trenarar.

Det er fleire kafeteriaer på campus der du kan få kjøpt både middag og lunsj til ein billig penge. Det er ikkje like god tilgang til datamaskinar som heime, så det kan løne seg å ta med eigen berbar PC. Nettet er tregt.

Durban
Durban er ein metropol på austkysten av Sør Afrika. Det er den tredje største byen i Sør Afrika, og den største hamnebyen. Både Zulukulturen og indarane si tilstedeværing viser tydeleg att i bybiletet.

I KwaZulu-Natal regionen finn du flotte naturreservat, der du kan få sjå ”dei fem store” (elefant, bøffel, løve, leopard og nashorn), vakre strender og dramatisk fjellandskap.

Kven kan søkje?
Avtalen er hovedsakleg brukt av studentar innan sosionomutdanninga, men er open for alle studentar ved UiS. Det tyder at så sant universitetet har fag som du kan få godkjent som ein del av studiet ditt her heime, så kan du reise.

21 års aldersgrense
NB. Sør-Afrikanske myndigheters har et visumreglement som krever at studenter under myndighetsalder (21 år i SA) har en verge i Sør-Afrika. Vi ser oss derfor nødt til å sette en aldersgrense på 21 år ved utreise for studenter som ønsker å reise på delstudieopphold ved samarbeidsinstitusjoner i Sør-Afrika. Dette fordi vi vanskelig har mulighet til å finne noen som kan stille som verge i Sør-Afrika.

Opptakskrav
Det er krav om at ein held eit snitt på minimum C for å få plass gjennom utvekslingsavtalen med UKZN.

Bustad
Universitetet kan hjelpe deg med å finne bustad på den private leiemarknaden. Vi oppmodar deg på det sterkaste å ta imot dette tilbodet, då universitetet går god for tryggleiken der du skal bu. Leilegheiter er oftast tryggare enn hus, då dei gjerne har eigne vakter og eit sikrare låsesystem. Bur du i hus bør du sjå til at det er omringa av skikkelege gjerder og har ein god alarminstallasjon.

Studieavgifter
Du betaler ordinære studieavgifter ved universitetet. Sjekk universitetet sine heimesider for å finne dei oppdaterte satsane for kvart enkelt fag. Studieavgiftene vert dekka av Lånekassa i form av 70 % stipend og 30 % lån.

Studiepoeng
Kvart fakultet har eigne reglar for kor mange modular ein treng for eit fulltidsstudium. På Faculty of Human Sciences og Faculty of Science er det vanleg med 4 modular i semesteret dei første to åra og to modular per semester det tredje året på lågare grad.

Hugs at du alltid må ta kontakt med studieprogrammet ditt her ved UiS for å få informasjon om kva kurs som kan førehandsgodkjennast og kor mange kurs/credits du må ta per semester.

Semesterorganisering
Det første semesteret tek til i februar og held på til juni. Vintersemesteret, eller ferien, er frå juni til august. Det andre semesteret tek til i august og ender i november.

Vi oppmodar studentane om å komme til semesterstart, slik at du får med deg orienteringsveka som vert arrangert kvart semester. Dette gjeld og dersom studiet ditt startar noe seinare.

Språktest
Det er ikkje krav om TOEFL-test eller andre, tilsvarande språktestar.

Forsikring
Det er, frå 2008, blitt obligatorisk med ei Sør-Afrikansk helseforsikring for å få studentvisum til Sør-Afrika.

Visum
Du treng visum for å studere i Sør Afrika. Dette må kvar enkelt ordne med på eigehand i løpet av søknadsprosessen. Søknad sender du til den Sør Afrikanske ambassaden i Oslo. Ambassaden ber deg søkje om visum seinast seks veker før avreise og det er veldig viktig at du har det i orden før du reiser. Søknadsprosessen kan vere ganske omfattande. For meir informasjon, sjå ambassaden sine nettsider: www.saemboslo.no/Consular1.htm.

Du kan skrive ut søknadsskjemaer frå ambassaden sine heimesider. Du skal laste ned "Application for a temporary residence permit", "Radiological report" og "Medical certificate". På søknadsskjemaet "Application for a temporary residence permit" skal du krysse av i ruta "Study (> 3 months)".

Følgjande må leggast ved søknaden:
* Gyldig pass
* Bevis på at du kan finansiere studiene i utlandet i form av ein signert og stempla bankkontoutskrift på ein verdi av 25.000,- pr. semester.
* Fødselsattest. Hvis du er gift eller skilt må det leggjast ved vigselsattest eller skilsmissepapirer.
* Utfylt "Medical certificate".
* Utfylt "Radiological report".
* Vandelsattest frå politiet. Du må søkje om politiattest i den kommunen du er folkeregistrert. Hvis du ikkje har noe på rullebladet kan han vere på norsk, i motsett tilfelle må han vere på engelsk.
* Kopi av flybillett. Kontakt ambassaden dersom du ikkje har tur-retur billett. då gjeld eigne reglar.
 
Dersom du ikkje har returbillett eller ein avtale med ambassaden når du kjem til Sør-Afrika, vert du nekta innreise.

Etter at du har levert ALLE papira til ambassaden skal du betale 455 NOK til den sørafrikanske ambassaden sin konto hos DNB Nor 7058 05 27831.

Hvis du vil reise eller opphalde deg i Sør-Afrika ei tid etter at studiane er ferdige, kan du søkje om utviding. Du kan gjøre dette ved å skrive eit brev til ambassade med ei forklaring på kvifor du søkjer utviding og kva du skal gjere.

Dersom du har spørsmål angåande søknaden om midlertidig opphaldsløyve, kontakt den sørafrikanske ambassaden direkte.

Embassy of the Republic of South Africa
Besøksadresse: Drammensveien 88 C, 0271 Oslo
Post adresse:PO Box 2822 Solli, 0204 Oslo
tel.: (+47) 23 27 32 20 fax: (+47) 22 44 39 75
Åpningstidene til visumavdelinga er mandag til fredag kl. 9:00-13:00
e-post: mailto:sa-emb@online.no

Tryggleik på reisa
I Sør-Afrika må ein ta sine førehaldsreglar for å ivareta sin eigen tryggleik. Landet slit med høg kriminalitet, frå relativt små tjuveri til alvorlege tilfeller som valdelege ran, overfall og drap. Durban er blant dei farlegaste byane i så måte. Dette må ein ha i tankane når ein ferdast i byen, og ein må vere innstilt på å gje slipp på ein del av den fridomen ein er van med heime frå.

For norske studentar som er vane med å kunne røre seg fritt til alle tider av døgnet, og som knapt låser døra når dei går heime frå, vil studentlivet i Sør-Afrika by på store omveltingar. Mange studentar har sagt at dei opplevde det som ei fridomsfrårøving å komme til SA. Men sjølv om møtet med Sør-Afrika kan verke skremmande, er det viktig å understreke at ein kan leve eit trygt og normalt liv så lenge ein følgjer gode råd både frå verts- og heimeinstitusjonen, tar naudsynte førehaldsreglar og bruker sunn fornuft. UiS kallar alle søkjarar inn til eit informasjonsmøte der det blant anna blir gitt informasjon om tryggleikssituasjonen med sikte på å førebu alle så godt som mogleg på den røynda som vil møte ein ved framkomst i Sør-Afrika. Ved semesterstart arrangerer UKZN ei orienteringsveke der tryggleik er eit viktig punkt på programmet. Vi oppmoder på det sterkaste å delta på dette. Les og brosjyren ”sikkerhet på reisen” som du får frå UiS før du reiser ut. Her får du mange generelle råd og tips.

Du bør aldri gå ute aleine, og etter det er blitt mørkt og/eller i strok der du ikkje er kjend er det heller ikkje trygt om ein er i større grupper. Generelt gjeld det at det er tryggare der det er mykje folk. Ikkje ber med deg store verdisaker, og tenk på korleis du går kledd. Ikkje gjer motstand dersom noen prøver å rane deg, ikkje inviter gjester heim om du ikkje kjenner dei godt frå før, lås inn verdisaker og pass godt på vesker og liknande.

HIV og Aids er eit alvorleg problem i Sør Afrika. Blant gravide i Durban er 30-40 % smitta av viruset. Ha dette i tankane! Bruk av kondom minskar farane for overføring av smitte, men er slett ikkje ein sikker garanti. HIV/Aids er framleis tabulagt i Sør Afrika og kunnskap om tema er manglande.

Trafikken: Kollektivtransporttilbodet er ikkje veldig godt. Det vanlegaste er taxibussane som tek deg dit du vil, men bilane kan ofte vere dårlege, og du kan vere uheldig med dei andre medpassasjerane. I Durban vert ein fråråda å nytte seg av desse transportmidla. Vi anbefaler derfor studentane å skaffe seg bil, både for tryggleiken og av praktiske årsaker. Trafikken i Durban kan vere nokså kaotisk, og ein må rekne med at mange av dei andre trafikkantane på vegen er påverka av alkohol. Der er og ein fare for å rote seg inn i områder som er mindre trygge. Køyr alltid med låst dør, plukk aldri opp haikarar og stopp aldri for folk som tar seg ut for å trenge hjelp. Planlegg ruta godt før du legg ut på tur. Det skal vere mogleg å få kjøpt ein bil til om lag 25.000 kr. UKZN kan vere til hjelp med å formidle ønskje om sal til neste gruppe studentar.