en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Nelson Mandela Metropolitan University

  • © Nelson Mandela Metropolitan University
  • © Nelson Mandela Metropolitan University
  • © Nelson Mandela Metropolitan University
  • © Nelson Mandela Metropolitan University

 

 

 

På nett: www.nmmu.ac.za

Kvifor studere ved NMMU
Nelson Mandela Metropolitan University (NMMU) er eit internasjonalt og velorganisert universitet av høg kvalitet i ein relativt trygg by!

Om universitetet
NMMU er blant dei mest internasjonale universiteta i Sør Afrika, med godt over 10 % internasjonale studentar på campus (2300 internasjonale studentar).

NMMU vart etablert i 2005 etter ei samanslåinga av University of Port Elizabeth og Port Elizabeth Technikon. Dei har i dag 17.000 fulltidsstudentar.

Universitetet har sju fakultet: Faculty of Arts, Faculty of Education, Faculty of Engineering, Faculty of Health Science, Faciulty of Law, Faculty of Science og Faculty of Business & Economic science.

Undervisningsspråket er engelsk, men nokre fag vert og undervist i på Xhosa og afrikaans.

Fasilitetar
Det er fleire kafeteriaer på campus der du kan få kjøpt både middag og lunsj til ein billig penge. Det er ikkje like god tilgang til datamaskinar som heime, så det kan løne seg å ta med eigen berbar PC. Nettet er tregt. Det er bibliotek og helseklinikkar på alle campus. På hovudcampusen i Summerstrand er det treningssentra og postkontor.

Oppsøk gjerne International Student Society ved universitetet. Elles er det eit mangfald av sosiale aktivitetar og organisasjonar av både fagleg og ikkje-fagleg karakter som du kan melde deg inn og ta del i.

Orientation week
NMMU arrangerer orientation week og pick up service. Det er obligatorisk for alle internasjonale studentar å delta på Orientaion Week. Orientation week kostar R450 (2010). Helga før den obligatoriske orientation week tilbyr dei ei pre-orientation weekend der dei reiser ut av byen. Denne kostar R900. I semester 1 2010 startar pre-orientation weekend 22. januar. Du må kome til byen seinast dagen før. I semester 2 går turen 9. juli. Også då må du kome seinast ein dag før. Ein legg ved eit eige skjema ved søknaden for å melde seg på orientation week. Dette skjemaet får du på søkarmøtet hos Enhet for Studentservice. 

Campus
NMMU har sju campus: to i Georgetown og fem i Port Elizabeth. Hovudcampusen ligg i bydelen Summerstrand i Port ELizabeth. Her ligg og administrasjonen, Office of International Education og dei aller fleste institutta som vil kome til å ta imot UiS-studentar. Denne campusen er grøn og vakker. Han ligg midt i eit naturreservat, men er omgitt av gjerder så ikkje dyra skal komme inn på sjølve universitetsområdet. Berre apekattane smett over piggtråden.

Port Elizabeth
Port Elizabeth (vanlegvis kalla PE) er ein middels stor by på austkysten av Sør Afrika. Det er ein viktig hamneby, og industrien står sterkt her. Samstundes er det ein svært roleg by. Sentrum av byen ligg nokså daud, med fråflytta edwardianske og viktorianske bygningar som nå må konkurrere om merksemda med digre trafikkmaskinar. Dei rike reiser til store shoppingsentra i utkanten av byen når dei skal handle, og dei mindre velståande får tak i det dei treng i townshipane som breier seg ut over store deler av byen.
Strendene er viktige for byen, og strandliv, bading, surfing, kiting, kvalsafari, fisking og andre vannsportsaktivitetar er populære. Byen ligg og nær flotte naturreservat og game reserves.

Bydelen Summerstrand (med hovudcampus) ligg ikkje langt frå the Marine Drive og dei flotte strendene i Port Elizabeth. Dette er strøket for den øvre middelklassen, og husa og gatene ser ut deretter. Her er svært roleg, men og relativt trygt. 

NB. PE er blant vertskapsbyane for FIFA WORLD CUP 2010 (11. juni-11.juli 2010). Dei ventar fleire hundre tusen turistar i denne perioden. Dersom du planlegg å reise til PE før semesterstart, og før du får studentbustad, vert du difor anbefalt å bestille hotell e.l. så snart som mogleg.

Kven kan søkje?
Avtalen er open for alle studentar ved UiS. Det tyder at så sant universitetet har fag som du kan få godkjent som ein del av studiet ditt her heime, så kan du reise. Så langt har vi sendt studentar innan barnevernstudiet.

Søknadsskjema og søknadsinformasjon får du på søkjarmøte hos Enhet for studentservice, eller du finn det her. Søknaden skal sendast inn via Enhet for studentservice. Søknadar sendt direkte til NMMU frå student vert ikkje aksepterte. 

21 års aldersgrense
NB.
Sør-Afrikanske myndigheters har et visumreglement som krever at studenter under myndighetsalder (21 år i SA) har ein verge i Sør-Afrika. Vi ser oss derfor nøydd til å sette ein aldersgrense på 21 år ved utreise for studenter som ønsker å reise på delstudieopphold ved samarbeidsinstitusjoner i Sør-Afrika. Dette fordi vi vanskelig kan finne noen som kan stille som verge i Sør-Afrika.

Tal på studieplassar
I 2009 kan vi sende til saman 12 studentar til NMMU. 6 studentar i semester 1 og 6 studentar i semester 2. Dersom det er fleire søkjarar enn plassar vil søkjarane bli vurdert på bakgrunn av karakterutskrifta som er lagt ved søknaden.

Bustad
Universitetet garanterer deg bustad, enten på campus ("On-Campus Residence") – i studentbustader, eller privat. For å kunne garantere for sikkreheita til utvekslingsstudentane, krev NMMU at bustaden til deira utvekslingsstudentar er godkjent av NMMU. Dette tyder at dersom du ikkje ønskjer å bu der NMMU finn bustad til deg, må du søkje NMMU om godkjenning for den adressa du sjølv har vald 2 mnd. i forvegen. 

På den private marknaden er krava NMMU sjølve har satt at alle studentar skal ha eigne rom, det skal maks vere 6 studentar om eit kjøkken og maks tre studentar om eit bad.

I studentlandsbyen Annis ("On-Campus Residence") er det 120 rom. Her deler to studentar bad og kjøkken, der er trådlaust nettverk, symjebasseng, vakt nattetid og berre 5 minuttar gange til næraste kjøpesenter og til campus. Det er ikkje tillete med overnattingsgjestar. Du må søkje tidleg for å få plass her. Søknadsskjema for On-Campus Residence får du på søkjarmøte hos Enhet for studentservice, men bustadsøknadar som er send innan 1 august (altså i god tid før både søknadsfrist og søkjarmøtet) for utreise i påfølgjande kalenderår er både rimlegare og gir større sjanse for å få bu på dei mest attraktive studentbustadane. Du kan ta kontakt med Enhet for studentservice dersom du ønskjer å søkje om bustad før søknadsfristen for studentutveksling er gått ut.

Vi oppmoder studentane på det sterkaste om å bu der universitetet finn rom til deg (enten i On-Campus Residence eller privat), då universitetet går god for tryggleiken der du skal bu. Kostnadane for bustad er som følgjer: (prisar frå studieåret 2009/10).

R2000 refundable deposit
R13 750 for the semester (R6250 for første semester, R7500 for andre semester) eksklusiv strøm

Leiga skal betalast før semesterregistrering. I 2010 er bustaden ledig frå 25. januar til 11. Juni. Dei kan krevje at du betalar for eit heilt semester (6mnd.), sjølv om du skal vere der kortare tid, eller du vel å flytte. Søknad om bustad er bindande.

For meir informasjon, sjå her

Transport
For å kunne garantere for sikkerheita til utvekslingsstudentane, organiserer NMMU transport til townshipane for studentar som skal ha praksis der. Transportordninga er obligatorisk. Studentane betaler sjølv for transporten.

Studieavgifter
Du betaler studieavgifter ved universitetet. Dersom du melder deg opp til kurs, må du betale per module/subject.

Studentar som er på praksisutplassering (gjeld barnevernsstudentar) skal ikkje betale "module fee", berre følgjande "fees" (tal frå 2008 i Sør Afrikanske Rand): 
International Administrative fee: R3710 (includes registration/orientation etc)
Social work placement fee: R1500 (faculty cost)
Transport: still waiting from provider (these cost will be shared); the students will be transported to the placement;
Studentar på barnevern kan ta kursa SWY 313 and SWY 314. Dette kostar R5860 totalt. 

Kostnadane inkluderer ikkje bustad, forsikring og levekostnadar.
Utgiftene dekka av Lånekassa i form av 70 % stipend og 30 % lån.

Studiepoeng
60 ECTS/studiepoeng her heime tilsvarer 120 credits ved NMMU. Studentar kan velje kurs ”a’la carte” frå kurskatalogen. Kurs på 100-300-nivå er kurs på 1st Degree, som tilsvarer vår Bachelor. Kurs på 400-nivå er på Honours-nivå, som er ein eittårig grad på masternivå som byggjer på ein treårig 1st degree. Dei har og 2-årige mastergradar som enten er fullstendig forskningsbaserte, eller der ein og tek kurs ved sida av forsking/oppgåveskriving. Kursa her er på 500-nivå.

Semesterorganisering
Semester 1: Byrjinga av feb. (Merk at du må vere der eit par veker før for å få med deg obligatorisk orientation week (sjå over)
Semester 2: Midten av juli (Merk at du vere der eit par veker før for å få med deg obligatorisk orientation week) 

NMMU oppmodar studentane om å komme til semesterstart, slik at du får med deg orienteringsveka som vert arrangert kvart semester. Dette gjeld og dersom studiet ditt startar noe seinare. Dei første vekene i semesteret vert det og arrangert mange andre sosiale aktivitetar, slik som safari, kvalsafari (august/september), besøk i township med meir.

NMMU meiner det er best å byrje studiet i deira 1. semester (januar), men det er ikkje like gunstig innanfor alle studieprogram ved UiS. Dei oppmodar studentane om å kome til Port Elizabeth seinast 20. januar for 1. semester og 10. juli for 2. semester.

Språktest
Det er ikkje krav om TOEFL-test eller andre, tilsvarande språktestar.

Forsikring
Det er, frå 2008, blitt obligatorisk med ei Sør-Afrikansk helseforsikring, eller ei forsikring som er godkjent av universitetet, for å få studentvisum til Sør-Afrika. Det er hittil ingen norske forsikringar som er blitt godkjente, men vi arbeider med saka. Du kan få ei oversikt over godkjende forsikringar frå NMMU. Sjå og brev frå NMMU. For meir informasjon, sjå her

Visum
Du treng visum for å studere i Sør Afrika. Dette må kvar enkelt ordne med på eigehand i løpet av søknadsprosessen. Søknad sender du til den Sør Afrikanske ambassaden i Oslo. Ambassaden ber deg søkje om visum seinast seks veker før avreise og det er veldig viktig at du har det i orden før du reiser. Søknadsprosessen kan vere ganske omfattande. For meir informasjon, sjå ambassaden sine nettsider: www.saemboslo.no/Consular1.htm.

Du kan skrive ut søknadsskjemaer frå ambassaden sine heimesider. Du skal laste ned "Application for a temporary residence permit", "Radiological report" og "Medical certificate". På søknadsskjemaet "Application for a temporary residence permit" skal du krysse av i ruta "Study (> 3 months)".

Følgjande må leggast ved søknaden:
* Gyldig pass
* Bevis på at du kan finansiere studiene i utlandet i form av ein signert og stempla bankkontoutskrift på ein verdi av 25.000,- pr. semester.
* Fødselsattest. Hvis du er gift eller skilt må det leggjast ved vigselsattest eller skilsmissepapirer.
* Utfylt "Medical certificate".
* Utfylt "Radiological report".
* Vandelsattest frå politiet. Du må søkje om politiattest i den kommunen du er folkeregistrert. Hvis du ikkje har noe på rullebladet kan han vere på norsk, i motsett tilfelle må han vere på engelsk.
* Kopi av flybillett. Kontakt ambassaden dersom du ikkje har tur-retur billett. då gjeld eigne reglar.
 
Dersom du ikkje har returbillett eller ein avtale med ambassaden når du kjem til Sør-Afrika, vert du nekta innreise.

Etter at du har levert ALLE papira til ambassaden skal du betale 455 NOK til den sørafrikanske ambassaden sin konto hos DNB Nor 7058 05 27831.

Hvis du vil reise eller opphalde deg i Sør-Afrika ei tid etter at studiane er ferdige, kan du søkje om utviding. Du kan gjøre dette ved å skrive eit brev til ambassade med ei forklaring på kvifor du søkjer utviding og kva du skal gjere.

Dersom du har spørsmål angåande søknaden om midlertidig opphaldsløyve, kontakt den sørafrikanske ambassaden direkte.

Embassy of the Republic of South Africa
Besøksadresse: Drammensveien 88 C, 0271 Oslo
Post adresse:PO Box 2822 Solli, 0204 Oslo
tel.: (+47) 23 27 32 20 fax: (+47) 22 44 39 75
Åpningstidene til visumavdelinga er mandag til fredag kl. 9:00-13:00
e-post: mailto:sa-emb@online.no

Tryggleik på reisa
I Sør-Afrika må ein ta sine førehaldsreglar for å ivareta sin eigen tryggleik. Landet slit med høg kriminalitet, frå relativt små tjuveri til alvorlege tilfeller som overfall og drap. PE vart lenge rekna som svært trygt, men dei siste åra har kriminaliteten auka også i denne byen. Dette må ein ha i tankane når ein ferdast i byen. Når det er sagt, er dette ein langt tryggare by enn Cape Town, Durban og Johannesburg.

For norske studentar som er vane med å kunne røre seg fritt til alle tider av døgnet, og som knapt låser døra når dei går heime frå, vil studentlivet i Sør-Afrika by på store omveltingar. Mange studentar har sagt at dei opplevde det som ei fridomsfrårøving å komme til SA. Men sjølv om møtet med Sør-Afrika kan verke skremmande, er det viktig å understreke at ein kan leve eit trygt og normalt liv så lenge ein følgjer gode råd både frå verts- og heimeinstitusjonen, tar naudsynte førehaldsreglar og bruker sunn fornuft. UiS kallar alle søkjarar inn til eit informasjonsmøte der det blant anna blir gitt informasjon om tryggleikssituasjonen med sikte på å førebu alle så godt som mogleg på den røynda som vil møte ein ved framkomst i Sør-Afrika. Ved semesterstart arrangerer NMMU ei orienteringsveke der tryggleik er eit viktig punkt på programmet. Vi oppmoder på det sterkaste å delta på dette. Les og brosjyren ”sikkerhet på reisen” som du får frå UiS før du reiser ut. Her får du mange generelle råd og tips.

Du bør ikkje gå ute aleine, og i alle fall ikkje etter at det er blitt mørkt og/eller i strok der du ikkje er kjend. I enkelte områder av Port Elizabeth er det heller ikkje trygt å gå ute sjølv om ein er i større grupper. Generelt gjeld det at det er tryggare der det er mykje folk. Ikkje ber med deg store verdisaker, og tenk på korleis du går kledd. Ikkje gjer motstand dersom noen prøver å rane deg. Ikkje inviter gjester heim som du ikkje kjenner godt frå før, lås inn verdisaker og pass godt på vesker og liknande.

HIV og Aids er eit alvorleg problem i Sør Afrika. På universitetet har dei ei gratis HIV-test-teneste for studentane. 17% av dei som testar seg er smitta av viruset. Ha dette i tankane! Bruk av kondom minskar farane for overføring av smitte, men er slett ikkje ein sikker garanti. HIV/aids er framleis eit tabulagt område i Sør Afrika og kunnskap om tema er manglande.

Trafikken: Kollektivtransporttilbodet er ikkje veldig godt. Det vanlegaste er taxibussar som tek deg dit du vil, men bilane kan ofte vere dårlege, og du kan vere uheldig med dei andre medpassasjerane, så ein bør ikkje nytte desse om kvelden eller i bydelar ein ikkje er kjend i. Vi anbefaler derfor studentane å skaffe seg bil, både for tryggleiken si skuld og av praktiske årsaker. Trafikken i PE er relativ roleg. Det kan vere ei utfordring å bli van med å kjøre på venstresida av vegen, men elles er dei største farane andre trafikkantar som ofte er påverka av alkohol, samt faren for å rote seg inn i områder som er mindre trygge. Det beste rådet er å halde dørene låste mens ein køyrer, planlegge ruta godt før ein legg ut på tur, og vere merksam på andre trafikkantar. NMMU meiner det skal vere mogleg å få kjøpt ein bil til om lag 25.000 kr. UiS kan vere til hjelp med å formidle ønskje om sal til neste gruppe UiS studentar til PE.