en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Tilrettelegging

Det er eit mål at studentar med ulike funksjonsnedsettingar skal få ta del i eit Erasmus+ utveksling. Internasjonalt kontor ønsker å leggja til rette for at også denne studentgruppa skal få reisa på eit utvekslingsopphald.

Bakgrunn
Studentar med nedsatt funksjonsevne eller ein kronisk sjukdom har ofte ikkje dei same mulighetene som andre til å delta i utvekslingsaktiviteter. Erasmus+ har eit spesielt fokus på at alle studentar skal få anledning til å reisa på utveksling. UiS, i likhet med andre universitet og høgskular som deltek i Erasmus+, har forplikta seg til å legge til rette for personer med spesielle behov eller som har nedsett funksjonsevne.

Støtteordningar

  • Lånekassen

Du vil kunne søke om ekstra støtte for å dekke ekstrautgifter i forbindelse med utvekslingsopphaldet frå Lånekassen

  • Ekstra Erasmus+ stipend

Erasmus tilleggsstipend er for studenter med nedsatt funksjonsevne med tilrettelegging. Det kan bevilges inntil 100 % finansiering til dekning av alle typer ekstrautgifter som ikke blir dekket av hjelpemidler/støtte studenten har krav på å ta med seg fra Norge. Det er studentens hjeminstitusjon som søker om midlene. Søknaden må dokumenteres med legeerklæring. Stipendet utbetales enten som månedlig fast sum eller etter dokumenterte utgifter (Kjelde: Siu.no).

  • SIU - Senter for internasjonalisering av utdanning

Universitetet i Stavanger har anledning til å søka om ekstra midler frå SIU. Desse midlene skal dekka ekstrautgifter som IKKJE blir dekka av offentlege hjelpemidler/støtte som student har krav på å ta med seg frå Noreg.

  • Stiftelsen Sophies Minde

Stiftelsen Sophies Minde utlyser eitt stipend som er øyremerka studentar med bevegelseshemmingar som tar bachelor eller masterstudier. Stipendet kan også tildeles i forbindelse med utvekslingsopphald. Føremålet med stipendet er å bidra til at fleire studentar med nedsett funksjonsevne tek høgare utdanning, samt å bidra til å letta gjennomføring av studiet.

Hjelp og råd frå Internasjonalt kontor
Internasjonalt kontor skal legga til rette for at alle studentar som ønsker å reisa på eit utvekslingsopphald. Dersom du har eit helseproblem eller nedsett funksjonsevne og er usikker på korleis ein kan gå fram for å gjennomføra eit studieopphald i utlandet, kan du ta kontakt med Interenasjonalt kontor for å få råd og hjelp i prosessen. Tidleg dialog og kartleggjing av tilretteleggjingsbehov er nøkkelen til eit vellukka utvekslingsopphald.

NB! Våre partneruniversitet ber om å få tilsendt dokumentasjon på engelsk. Dersom du skal til eit universitet innanfor Erasmus+ kan du søker om midler for å få dekka utgifter til ein godkjend oversetjar (Ta kontakt med Internasjonalt kontor). Du kan også høyre med din fastlege om han/ho kan utstede eit brev på engelsk som bekrefter innhaldet i rapporten som beskriver tilstanden din.
 

Anbefalte universitet
University of Alicante i Spania  har eit campusområde, i fine og frodige omgjevnader, er særleg tilrettelagt for studentar med nedsett funksjonsevne. Universitetet har også eit eige kontor som følger opp studentar med ulike typar tilretteleggingsbehov