en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Learning Agreement

Alle studentar som reiser på Erasmus+ utveksling skal ha med seg ein godkjent studieavtale til universitetet i utlandet.

Learning agreement for studies
Ein studieavtale, "Learning Agreement for studies", skal fyllast ut og signerast av student, saksbehandlar ved Internasjonalt kontor og Erasmus-koordinator ved vertsuniversitetet i forkant av opphaldet. Dette dokumentet er ein viktig del av dokumentasjon som ofte skal leggjast ved i søknaden til vertsuniversitetet.

Learning Agreement for Traineeships
Studentar som skal reise på praksisopphald  fyller ut ein eigen studieavtale i samråd med saksbehandlar på Internasjonalt kontor.

Før utvekslingsopphaldet
I forkant av utvekslingsoppholdet skal ein fylla ut del ein av avtalen som heiter "Before the mobility". Alle Erasmus+ studentar vil få hjelp av sin saksbehandlar til å fylla ut del ein av studieavtalen. På side ein er det ein tabell der ein skriv inn dei emna som student har fått innvilga ved vertsuniversitetet.

Undervegs i  utvekslingsophaldet
Del to av avtalen, "During the mobility", skal fyllast ut av student dersom det blir endringer i den opprinnelege studieplanen. Det hender at det kan oppstå timeplankollisjonar og/eller et emne allikevel ikke blir undervist på engelsk. Då  er det viktig å få hjelp med å finna nye emne så snart som råd. Studenten er sjølv ansvarleg for å ta kontakt med sin saksbehandlar på instituttet for ny førehandsgodkjenning og avklare eventuelle endringar så snart som mogleg.

Etter avlutta utvekslingsopphald
Denne delen av avtalen heiter "after the mobility". Ved UiS blir denne delen erstatta av karakterutskrift frå vertsuniversitetet som student er ansvarleg for å levere inn til sitt institutt (IKKJE Internasjonalt kontor)

UiS logo