en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

SiS sportssenter

Etter lange dagar på lesesal og grupperom, er det godt å få pulsen skikkeleg opp. Eller kanskje du helst vil trene før førelesinga, eller midt på dagen? Som student ved Universitetet i Stavanger treng du ikkje forlate Universitetsområdet for å halda deg i form. Samskipnaden har eit av landets beste sportssenter på campus!

  • SiS Sportssenter på campus Ullandhaug.
  • SiS Sportssenter har Rogalands høyeste klatrevegg.
  • Basketball i SiS Sportssenter
  • Styrkerommet i SiS Sportssenter
  • Klatrevegg i SiS Sportssenter, Univeristetet i Stavanger

SIS Sportssenter har eit godt tilbod tilpassa ein student sin kvardag. Det blir halde ulike gruppetimar gjennom heile dagen, alt frå yoga og pilates til Zumba, body pump, spinning, bootcamp og meir. I tillegg held dei ulike spesialarrangementa som Spinning maraton, Zumba party, ulike familie arrangement og klatrekurs. Dei har også barnepass på fastsette tidspunkt på dagen.

På SiS sportssenter finn du:

  • Ein handballbane i full storleik
  • Ein 21 meter brei og 14 meter høg klatrevegg
  • Buldrevegg tilknytta klatreveggen
  • Styrke-og fitnessområde på 600 m2
  • To aerobicsalar på til saman 400 m2
  • Spinningsal på 100 m2
  • To squashsalar
  • Fleirbruksrom til sosiale arrangement for og av studentar
  • Kontor til studentidretten
  • Møterom


Gjennom året arrangerer SiS sportssenter kosthaldskurs, livsstilsdagar, dansedagar, villmarksdagar og mykje meir.

Sjekk heimesidene til SiS sportssenter!

UiS logo