en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Psykologtilbod

SiS helse er eit supplement til det offentlige helsetilbodet, og behandling vert ikkje prioritert etter alvorsgrad. Dersom du har alvorlige psykiske plager, eller behov for rask vurdering, bør du kontakte fastlegen.

Nyttig å vete om behandlinga

SiS helse tilbyr behandling av lettare psykiske lidingar. Dei tilbyr også samtaler om korleis du kan styrke din psykiske helse, takle faglige og mellommenneskelige utfordringar og ulike livskriser. Behandlinga er av avgrensa varighet.

Samtalebehandling er eit samarbeid mellom student og terapeut. Det vert forventa at ein møter til avtalt tid, og er innstilt på å jobba med problema også utanom timane.

SiS helse prøver så langt det er mulig å gi et tilbod innan fire til fem veker. Ventetida kan dessverre være lengre i enkelte periodar, på grunn av stor pågang.


Vanlege førespurnadsgrunner

  • Depresjon og tungsinn
  • Konsentrasjons- og motivasjonsvanskar
  • Sjølvmordstankar
  • Ulike angstplager (for eksempel perfeksjonisme, eksamensangst eller sosial angst)
  • Spiseproblematikk
  • Einsemd og sorg
  • Dårleg sjølvbilde
  • Overgrep

Meir informasjon om psykologtilbod på SiS sine sider.