en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kantiner og kafé

Ingen er gode studentar utan god mat. Heldigvis har du fleire tilbod når svolten melder seg. Kafeane på universitetsområdet er kjende for god mat til ein fornuftig pris. Dei fleste kafeane vert drivne av SiS, Studentsamskipnaden i Stavanger.

  • To studenter i salatbaren i kantinen i Kjøl Egelands hus, Univeristetet i Stavanger.
  • Fire studenter i Bokkafeen ved Universitetet i Stavanger
  • To studenter sittende i sofa i Bokkafeen, Universitetet i Stavanger
  • Kafeen i Arne Rettedals hus, Universitet i Stavanger.
  • Sandwich som serveres i kantine på UiS.

Studentkafeane på universitetsområdet fungerer som sosiale treffstader på campus. SiS kafé tilbyr mat som er rimeleg og sunn. På menyen finn du fleire middagsrettar, salatbar, vegetarmat, pizza og variert kaldmat.

Bokkafeen i Kjølv Egelands hus på campus tilbyr te og espresso-baserte kaffidrikkar. Smoothies, vin, øl og andre kalde drikkar kan du nyte medan du lyttar til musikk eller les, eller berre slappar av i ein sofa. Bokkafeen har både inne- og uteservering.