en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.


Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten

  • ha godt oversyn over norsk språkutvikling og endringsprosessar i norsk teksthistorie
  • kjenne til diskusjonane om utviklinga av regionale talemål og andre relevante emne i moderne språk
  • kjenne til diskusjonane om endringar i teksttypar, sjangrar og kommunikasjonsformer
  • ha breiddekunnskap i nokre utvalde emne som vidarefører nordiskstudiet frå bachelorgraden og ha evne til å sjå desse i samanheng med analyse av leseferdigheit
  • ha djupnekunnskap i nærare utvalde emne som vert utvikla gjennom skriving av masteravhandling i samråd med og under rettleiing av faglærar
  • ha god kjennskap til sentrale internasjonale og nasjonale orienteringar og diskusjonar innanfor forsking, undervisning, tilrettelegging og institusjonsbygging kring lesing.
  • kjenne hovuddraga i historia om lesing frå antikken til notida, og kunne utnytte denne kunnskapen til å analysere kulturhistorisk og sosial endring knytt til lese- og skrivekunne og organiseringa kring tekstbruk i samfunnet.
  • kjenne til aktuell tekstvitskapleg, språkvitskapleg, kulturhistorisk og samfunnsfagleg forsking kring kva funksjonar lesing og skriving har i kulturen.



Ferdigheiter:

Etter fullført emne skal studenten
  • vere stø i praktisk språkbruk i begge målformer og kunne rettleie andre i det same
  • ha utvikla eit analytisk tilhøve til språk- og tektsforståing med naudsynte kunnskapar om relevant terminologi, omgrepsbruk, teoretiske tilnærmingar og metodar.
  • vere i stand til å analysere prosessar som involverer lesepraksisar.
  • vere i stand til å rådgje visse institusjonar og bidra aktivt til problemløysing i særskilte arbeidssituasjonar der lesing inngår.
  • kunne uttrykkje seg klart, sjølvstendig og med samanhengande grunngjevingar på begge dei offisielle norske målformene, privat og offentleg, om dei relevante emna dette studiet gjev tilgang til.
  • kunne formidle vidare og delta i vidareutviklinga av kompetansen studiet rettar seg mot å utvikle.



Generell kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten
  • ha så god språkleg og tekstanalytisk kompetanse at ein kan fungere som rettleiar og rådgjevar i ulike samanhengar på eiga hand
  • kunne forstå vesentlege trekk i moderniseringsprosessane i språkbruk og tekstbruk.
  • kjenne til tilgangsmåtar for relevant kunnskap og vere merksam på kvar ein kan gå vidare i analysen innanfor eit felt som er i sterk kunnskapsmessig og kognitiv endring.
  • vite kva for metodar og tilnærmingsmåtar som er relevante i ulike samanhengar, og også kjenne noko til feilaktige oppfatningar i feltet og dermed unngå feilvurderingar.
  • ha eit balansert og sjølvstendig grunnlag for å vurdere multikulturalitet, multimodalitet, tilhøve som samanhengen mellom historie og samtid, individ og samfunn, teori og praksis, nasjonalt og internasjonalt i utviklinga av skriftkulturen.