en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Politiattest

Etter Lov om universiteter og høyskoler er det krav om politiattest ved opptak til studium der studentar i samband med obligatorisk praksisopplæring/klinisk undervisning kjem i kontakt med pasientar, barnehagebarn, elevar eller andre.

Ved UiS gjeld reglane om politiattest for følgjande studium:

  • Adjunkt- og lektorprogram i humanistiske fag
  • Bachelor i dans med PPU
  • Barnehagelærarutdanning
  • Barnevernspedagogutdanning
  • Førskulelærarutdanning
  • Grunnskulelærarutdanning
  • Idrett, bachelor og årseining
  • Master i spesialpedagogikk (kun studentar i feltarbeid)
  • Praktisk pedagogisk utdanning
  • Sjukepleiarutdanning
  • Sosialt arbeid

Kva skjer dersom eg ikkje leverer politiattest?
Dersom ein student ikkje leverer politiattest, vil han bli utestengd frå praksisopplæring/klinisk undervisning, han vil ikkje få godkjend praksisperiode, noko som igjen vil føra til forseinkingar i studiet. Politiattestar med merknader skal leggjast fram for institusjonens klagenemnd som avgjer om studenten får lov til å delta i praksisopplæring/klinisk undervisning.

Les meir i Forskrift om opptak til høyere utdanning

Følgjande rutine gjeld for politiattest:

  • Søknad om politiattest skjer nå elektronisk. Sjå politiet sine nettsider for meir informasjon. Det trengs dokumentasjon på kva attesten skal brukast til – ha difor klar eit skriv der det står at du treng politiattest (Opptaksbrevet frå Samordna opptak eller UiS). Ein bør rekne med god tid, det kan ta mange veker å få attest, fordi politiet til tider har stor pågang.
  • Politiattesten kan ikkje vera eldre enn 3 månader når han blir registrert ved UiS.
  • Etter registrering er politiattesten gyldig i heile studietida. 
  • Dersom UiS finn at det er behov for å kontrollere om det har skjedd endringar i vandel i løpet av studietida, kan institusjonen sjølv be politiet om oppdatert politiattest. I desse tilfella vil studenten få informasjon om anmodninga.

Er det mogleg å få politiattesten min attende dersom eg skulle trenga han i samband med jobb etc.?
Nei, dessverre! Etter registrering er me pålagde å makulera politiattesten, då me ikkje har lov til å oppbevara politiattestar etter at dei er nytta til det oppgjevne føremål.