en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Studentevalueringar og undersøkingar

Emne og utdanningar ved UiS blir evaluert på fleire forskjellige måtar.

Studentevaluering av studieemne

Alle emne ved UiS skal evaluerast av studentane minst kvart tredje år. Studentane inviterast då til å sei si meining om undervisning og innhald i studieemnet. Dette skjer på forskjellige måtar. Du kan enten få et spørjeskjema du skal svare på, foreleser kan sette av tid i undervisninga til en samtale med eller mellom studentane eller invitere et utval av studentane til å delta i en samtale. Studentevalueringa skjer enten i byrjinga av semesteret, midt i semesteret eller på slutten av semesteret. Det vert kalla høvesvis tidlegdialog, midtveisevaluering eller sluttevaluering. 

Programevaluering

Med jamne mellomrom skal studieprogramma som heilskap evaluerast. Dette er ein meir omfattande prosess enn i program- og emnerevisjonen. Formålet er å måle relevansen av studiet – altså om utdanninga dekkjer studentane sitt behov for kunnskap, ferdigheiter og haldningar, og behova til arbeidsgjevarar. I desse programevalueringane deltek studentar, leiinga, tilsette, representantar frå arbeidslivet og eksterne programsensorar.

Studiebarometeret

Den nasjonale studentundersøkinga Studiebarometeret vert sendt ut kvar oktober til alle andreårsstudentar på bachelor eller master. Her blir du spurt om korleis du oppfattar studiekvaliteten på studieprogrammet du går på, arbeidsrelevansen og din egen studieinnsats. Resultata publiserast i Studiebarometeret februar det etterfølgande året.

Studentundersøkinga

Studentundersøkinga sendes ut kvar haust til studentar ved UiS i 1., 3. og 4. trinn. Her blir du stilt spørsmål om kva som har påverka deg i valet av UiS og kor nøgd du er med informasjon og aktiviteter i forbindelse med semesterstart. Du blir også stilt spørsmål om kor tilfreds du er med UiS. Resultata vert brukt av institutta, StOr, Eining for studentservice og Strategi- og kommunikasjonsavdelinga.

Kandidatundersøkinga

Kandidatundersøkinga vert sendt ut til deg når du har avslutta eit studium på UiS. Her blir du hovudsakleg stilt spørsmål om overgangen frå studiar til arbeidsliv eller vidare studiar, men også kva du synes om utdanninga du har avslutta.