en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Læringsmiljø og utdanningskvalitet

Universitetet i Stavanger ønsker at du skal trivast som student og at du skal få den beste utdanninga vi kan gi. Kva du synes om jobben vi gjør, er viktig for oss.

Vi har sett som mål å tilby forskingsbasert utdanning av høg internasjonal kvalitet med eit læringsutbytte som møter behova til studentane, arbeidsmarknaden og samfunnet.

  • Studentane skal få innsikt i forskingsprosessar
  • Undervisninga skal være variert og tilpassa fag, læringsutbytte og dagens og morgondagens generasjon studentar
  • Vi skal være internasjonale i utdanningsverksemda, ha et godt og universelt utforma læringsmiljø, være kjent for god studentservice og aktiv medverking frå studentar

Du kan bidra!

For at vi skal vidareutvikle kvaliteten på studiane våre og nå våre mål treng vi studentane si tilbakemelding og deltaking.

Det er mange måtar du kan bidra til dette på:

  • Du kan være studentrepresentant i styrer og utval.

  • Du kan delta i studentevalueringar og undersøkingar.

  • Eller du kan vende deg direkte til UiS. Dersom du har noko spesielt å utsette på undervisninga, behandlinga av deg som student eller på ditt læringsmiljø, finnes det fleire måtar å melde ifrå om dette på.