en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Utdanningskvalitet

Utdanningskvalitet er kvaliteten på læringsprosessane og læringsutbyttet du får gjennom studiet. Alle universitet og høgskular er lovpålagt å ha eit system som sikrar og vidareutviklar utdanningskvaliteten.

Kva er kvalitetssikring av utdanning?

Det er eit lovkrav at det skal vere system for arbeidet med kvalitet hjå utdanningsinstitusjonane. For å få akkreditering som universitet i Noreg må institusjonane ha eit kvalitetssystem for utdanning som er godkjent av NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga).

Kvalitetssikring og -utvikling av studia skjer først og framst gjennom arbeidet faglærarane gjer kvar dag. I tillegg finst det faste rutinar for studentevaluering av undervisning, programevaluering og årleg emne- og programrevisjon, og organ som programutval, trinnråd m.m. der kvaliteten i utdanninga blir diskutert. Universitetet har og opplæring av tilsette i universitetspedagogikk.

Kven gjer kva?
Tilsette og studentar har klare roller og eit ansvar i arbeidet med utdanningskvaliteten: student, faglærar/emneansvarleg, instituttleiar, prodekan for undervisning, dekan, prorektor, rektor, utdanningsdirektør og universitetsdirektør. Sjå Kven gjer kva? for meir informasjon om ulike roller og ansvar.

Korleis kan du jobbe med utdanningskvalitet som student?
Universitetet i Stavanger treng å høyre kva du meiner om kvaliteten på studiet du tar. Du vil derfor bli bedt om å delta i evalueringar og undersøkingar både mens du er student og etter at du er ferdig med å studere.

Utval og styre som er sentrale i høve til å utvikle studiekvaliteten har studentrepresentantar. Viktige døme er: Universitetsstyret, utdanningsutvalet, læringsmiljøutvalet, fakultetsstyra, kvalitetsutvala og instituttstyra. Du finn meir informasjon om dei ulike her: Styrer og utval. Ta kontakt med studentforeninga StOr for meir informasjon om korleis du kan bli studentrepresentant.

Noko kan likevel falle utanfor desse kanalane som du treng å gje oss beskjed om. Det er fleire løysingar for å melde frå dersom du oppdagar kritikkverdige forhold på denne "Si ifra"-sida.