en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Læringsmiljø

UiS ønsker å tilby studentane eit godt og inkluderande læringsmiljø. Godt læringsmiljø gjer både større trivsel og betre læring.

Læringsmiljø
Læringsmiljøet omfattar både dei psykososiale, dei digitale og dei fysiske omgjevnadane. På desse sidene finn du oversyn over mål og krav som gjeld for læringsmiljøarbeidet, kven som har ansvar for kva og kva for eit tenestetilbod som finst ved UiS.

Psykososialt læringsmiljø
Psykososialt læringsmiljø omfattar psykologiske og sosiale faktorar som har konsekvensar for trivsel, helse og yteevne på studiestaden, deriblant mellommenneskelege forhold. Sosialt miljø, kultur og velferd i studier og omgjevnader bidrar til å fremje det psykososiale læringsmiljøet.

Fysisk læringsmiljø
Med fysisk læringsmiljø meinas her dei fysiske omgjevnadene i undervisningssituasjonen som kan påverke den enkelte student sin evne og mogelegheit til læring.

Digitalt læringsmiljø
Digitalt læringsmiljø gjeld dei digitale omgjevnadene for undervisninga, og korleis disse påverker  evne og mogelegheit til læring.

Universell utforming
Læringsmiljøet skal utarbeidast etter prinsippet om universell utforming. Tenestene skal i sin ordinære form vere utforma slik at flest mogeleg kan gjere seg nytte av dei, utan at særskilt tilrettelegging er naudsynt. Der det ikkje er rimeleg å gjere utforminga universell, skal det tilretteleggast for studentar med spesielle behov.

Dårlig læringsmiljø
Skulle du oppleve noko eller møte problem som skuldast dårlig læringsmiljø, sjå Gje oss beskjed!


 

UiS logo