en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Gje oss beskjed

Dersom du har noko å utsette på behandlinga av deg som student eller på læringsmiljøet ditt, eller dersom du meiner at du ikkje har fått oppfylt dei rettar du har som student, vil vi at du seier ifrå til oss.

UiS har studentevalueringar som skal fange opp kva du meiner om studiekvaliteten og læringsmiljøet. Dersom du opplever noko som du ønsker å melde frå om utanom disse evalueringane, kan du også gjere det. Det kan for eksempel være dersom du har opplevd noko spesielt problematisk på UiS, som mobbing, diskriminering eller trakassering, brot på lov, regelverk eller etiske normer, eller du har blitt møtt med manglande respekt eller likebehandling. Dette gjeld også dersom du har opplevd manglande fysisk tilrettelegging eller universell utforming. 

Du kan gjere eit eller fleire av følgjande:

  • Ta kontakt med den det gjeld, gå til nærmaste kontaktperson for studiet eller kontakt instituttleiar. Sjå oversikt over tilsette under fana Finn fram.

  • Kontakt studentombodet. Studentombodet har teieplikt, og verken studentar eller universitetet har innsynsrett i Studentombodet sine saker.

  • Ta kontakt med ein studenttillitsvald. Studentorganisasjonen ved UiS, StOr, kan fortelle deg kven som er tillitsvalde på ditt institutt.

  • Bruk det nettbaserte meldingssystemet ”Sei ifrå” (sjå høgre kolonne). Dette er eit meldingssystem du kan bruke dersom du ikkje veit kven du skal ta problemet opp med, eller du har gitt beskjed og ingenting skjer. Meldingssystemet er bare tilgjengelig frå universitetsområdet.

UiS logo