en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Yrande liv på campus

Nærare 2500 besøkande fekk ein smakebit på studentlivet då UiS inviterte til Open dag.

  • Bilde fra foajeen, sett ovanfrå, med mykje folk.
    Rundt 2500 fann vegen til UiS på Open dag tysdag 6. mars.
  • To kvinner i labfrakk.
    Kjemistudentane Linda Hummervoll og Juanita Flåte i linjeforeininga KiS laga mellom anna knappar av mjølk og eddik. Foto: Mari Løvås.
  • Pannekakeprinter.
    Universitetsbiblioteket serverte nysteikte pannekaker, forma som den amerikanske presidenten, rett frå pannekakeprintaren. Foto: Mari Løvås.
  • Tre elever ser på når Inge Christ skyter opp rakett.
    Konrad Lauvsnes, Åke Sjursen Hauge og Lars Bakke frå Jørpeland følger med når universitetslektor Inge Christ skyt opp papirrakett. Foto: Mari Løvås.
  • Full sal under opninga.
    Rektor Marit Boyesen helsa dei besøkjande velkomne til UiS. Ho håpar å sjå mange igjen til semesterstart i august. Foto: Leiv Gunnar Lie.
  • Kvinne med plakat hvor det står: Sykepleie omvisning.
    Omvising på sjukepleielabane var populært.
  • Master i sykepleie demo(1).jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    På sjukepleielaben fekk vidaregåandeelevar ein demonstrasjon på noko av det ein lærer på master i sjukepleie. Foto: Leiv Gunnar Lie.
  • På sjukepleielaben.
    På sjukepleielaben viste Otto M. Aareskjold og Dagrunn Nåden Dyrstad kor viktig kommunikasjon mellom pasient og pleiar er. Foto: Karoline Reilstad
  • Glad ungdom som står i trappa med oransje paraplyar.
    Våre studentambassadørar klar til å ta imot alle som besøkte UiS under Open dag. Foto: Siri Pedersen.
  • Forelesningssal full med tilhøyrarar.
    Fire tidlegare uiS-studentar delte erfaringar frå si studietid og fortalde om jobben dei har no. Foto: Siri Pedersen.
  • Fysikklab.
    Fysikklaben var ein av åtte labane på labvandringa. Foto: Karoline Reilstad

Kvart år inviterer Universitetet i Stavanger elevar og rådgivarar frå vidaregåande skular og andre nysgjerrige til å bli betre kjent med universitetet. Her kan besøkjande gå på foredrag og infomøter,  vere med på labvandring og besøke stands.

Nytt av året var at fire tidligare studentar fortalde om si utdanninga og studietida si, og om kva dei arbeider med nå. Les meir om alumninettverket ved UiS.

Besøkane kunne og stikke innom nyhetsprosjektet, kor studentar fra journalistikk og fjernsyn- og multimedieproduksjon lagar daglege sendingar. 

Studietida er meir enn berre fag og teori. Ved UiS er det fleire studentprosjekt kor studentar frå ulike studieretningar arbeidar saman om å lage racerbil, drone, borerigg og marsrover.