en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Velkomen til årsfest 31. oktober

Studentar, tilsette og anna publikum er inviterte til årsfest i Tjodhallen, mandag 31. oktober kl. 13.00. Det blir seremoni med promosjon av doktorar, festtalar, prisutdeling og underhaldning.

  • Rektor Marit Boyesen i gild kappe på talarstolen i Tjodhallen
    Rektor Marit Boyesen og Universitetet i Stavanger inviterer til flott seremoni i Tjodhallen.
  • Promosjon av doktorar ved UiS i 2015.
    Promosjon av doktorar i 2015.
  • Jonas Gahr Støre, leiar i Ap, er årets festtalar.
    Årets festtalar er Jonas Gahr Støre, leiar i Arbeiderpartiet.
  • Gjertruds sigøynerorkester spelar på Årsfesten 31. oktober.
    Gjertruds Sigøynerorkester med Britt Synnøve Johansen er ein fest å oppleve på scena. Dei speler sigøynar-, folke- og improvisasjonsmusikk.

Universitetet i Stavanger feirar sin bursdag kvart år. Då inviterer universitetet til ein flott seremoni i Tjodhallen.

Blant høgdepunkta er promosjon av doktorar, festtale av Jonas Gahr Støre og utdeling av Lyse Forskingspris og SR-bank Innovasjonspris.

I tillegg vert det storslagen underhaldning ved Gjertruds Sigøynerorkester med Britt Synnøve Johansen og duo fra masterstudentane Tian Quing, tenor, og Zicheng Huang, klaver, frå Institutt for musikk og dans.

I etterkant av seremonien blir det forfriskingar og kake i foajeen utafor.

Årsfesten er open for noverande og tidlegare studentar, tilsette og andre interesserte.

Dato: mandag 31.oktober
Tid: kl. 13:00 - 15:00
Sted: Tjodhallen, Kjølv Egelands hus

Program

•    Prosesjon med fanfare
•    Tale ved rektor Marit Boyesen
•    Helsing ved Magne Bartlett, leiar i StOr
•    Festtale ved Jonas Gahr Støre, leder i Arbeiderpartiet
•    Promosjon av doktorar
•    Utdeling av Lyse si forskingspris
•    Utdeling av SR-bank si Innovasjonspris

Kake og kaffi i foajeen ca. kl. 14:30.

Meld deg på arrangmentet her.