en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

UiS skal utvikle digital campus

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har tildelt UiS 7,5 millionar kroner til utvikling av digital campus.

Dermed har UiS fått full klaff med søknaden om prosjektmidlar i tildelingsrunden for 2017.

Målet med prosjektet er å gi studentane og andre grupper betre service, samstundes som universitetet får betre og meir effektive rutinar internt.

UiS skal mellom anna utvikle:

  • Ein digital studentekspedisjon der studenten kan vende seg med alle typar spørsmål
  • Ein samhandlingsportal der eksterne aktørar kan ta kontakt om praksisplassar, studentoppgåver og anna.
  • Ein oppdragsportal for sensorar, timelærar, eksamensvakter og andre som skal utføre tidsavgrensa oppdrag for universitetet
  • Ein portal for å effektivisere administrative bestillingar og innkjøp

Satsar på digitalisering

– Med dette bidraget kan vi få til eit ordentlig løft og sette fart i vår strategi om å digitalisere verksemda. Det er jo eitt av våre tverrgåande satsingsområde i strategien som no er ute på høyring, seier prorektor Dag Husebø.

Søknadsarbeidet har vore eit samarbeid mellom IT-avdelinga, Utdanningsavdelinga, Avdeling for økonomi- og verksemdstyring, fagleg leiing og andre på UiS.

– I så måte er det eit eksempel på kva vi kan få til ved godt samarbeid på tvers av avdelingar og stabar. Dette er ein skikkelig gladsak for UiS, seier Husebø.

Styre med gode data

Fleire sjølvbetente tenesteområde vil sortere inn under UiS' digitale campus. I tillegg vil universitetet kunne samle data frå utdanningsverksemda og bruke grundige analyser av desse til å styre verksemda.

– Dette vil kunne få stor betydning for vår evne til porteføljestyring og det kontinuerlege arbeidet med utdanningskvalitet, seier Husebø.

Prosjektet skal starte i mai og være ferdig ved årets slutt 2019. 

Tekst: Leiv Gunnar Lie

Portrett av Prorektor Dag Husebø

Prorektor Dag Husebø