en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Studentar bygde sin eigen borerigg

Driftige petroleumstudentar på UiS har bygd ein mini-borerigg. I finalen i den globale studentkonkurransen Drillbotics fekk dei skryt for konkurransens mest solide konstruksjon og enda til slutt på tredjeplass.

  • /02. Nye student.uis.no/Studentmiljø/Test_student viser juryen 2191_12_06_17.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Student Patrick Harris fortel kva som skjer mens boret går
  • /02. Nye student.uis.no/Studentmiljø/Drillbotics_test_jury2193_12_06_17.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Juryen fylgjer med på boreoperasjonen
  • /02. Nye student.uis.no/Studentmiljø/Drillbotics_Team UiS.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Team UiS i Drillbotics, frå venstre: Ole Andre Hjelm, Patrick Harris, Andrew Holsaeter (bak), Simen Nilsen, Erik Andreas Løken og Alexander Trulsen.

Sidan november i fjor har dei jobba dag og natt med å bygge ein over to meter høg solid rigg i metall og pleksiglas. Frå toppen går ein tynn borestreng ned i konstruksjonen.

Eit system for å pumpe inn vatn skal forhindre at mekanikken går varm. Mykje elektronikk og datastyring er nødvendig, og heile operasjonen blir fjernstyrt frå ein datamaskin ved sidan av.

Kvar einaste del av konstruksjonen har dei bygd sjølve. Studentane meiner dei har brukt nær 6000 timar på prosjektet. Kvar ettermiddag har dei gått på laben etter førelesing for å jobbe med boreprosjektet.

- Har lært mykje nytt

To av studentane skriv jamvel bachelor-oppgåve med utgangspunkt i prosjektet.

– Det har absolutt vore verdt det. Vi har jobba både kveldar og netter, og gått frustrerte heim nokre gonger. Men det har vore greitt, for vi har alltid lært noko nytt, seier leiar av Team UiS, Erik Andreas Løken.

Fredag 9. juni var dei klare for finalen i Drillbotics, ein årleg konkurranse stifta av organisasjonen Society of Petroleum Engineers (SPE). Sju lag frå USA, Tyskland og Noreg hadde kvalifisert seg til finalerunden.

Tøff boretest

Ettersom det er vanskeleg å frakte svære og tunge boreriggar rundt om i verda, reiser heller juryen til kvar einskild finalist. Der skal studentane halde ein presentasjon og gjennomføre ein praktisk test.

Testen går ut på å forsøke å bore gjennom ein steinprøve som består av ulike material. I år var prøven laga av sement, sandstein, golvfliser og ei form for gummi. Boreoperasjonen måtte gå føre seg automatisk.

Testen viste seg å vere knallhard, og dei fleste laga i konkurransen måtte gi opp å trenge gjennom alle laga i blokken. Då den tilmålte tida var over, måtte også Team UiS slå fast at heller ikkje dei kom heilt i mål denne gang. 

Praktisk erfaring

Likevel: Riggen dei bygde fekk skryt av juryen for å vere den mest solide i heile konkurransen, og laget kom på tredjeplass i konkurransen. Det er eit godt utgangspunkt for neste år.

Studentane tek også med seg ei masse læring og praktisk erfaring frå konkurransen, i tillegg til den akademiske kunnskapen frå petroleumsstudiet.

– Å vere med i eit prosjekt som dette tvinger deg til å gå utanfor komfortsona og lære ein masse ting du elles ikkje hadde lært, seier Patrick Harris.

Hjelp frå studiet

Team UiS består av Erik Andreas Løken (lagleiar), Ole Andre Hjelm, Patrick Harris, Simen J. Nilsen, Andrew Holsaeter og Alexander Trulsen.

Studentane har fått tett rettleiing av fyrsteamanuensis Dan Sui og overingeniør Sivert Drangeid, og fakultetet har støtta prosjektet økonomisk.

Les meir om våre studieprogram innanfor petroleumsteknologi:

3-årig bachelor i petroleumsteknologi

2-årig master i petroleumsteknologi

5-årig master i petroleumsteknologi

Tekst: Leiv Gunnar Lie og Karoline Reilstad
Foto: Leiv Gunnar Lie