- Tilby alle innbyggarane gratis wi-fi, skann heile Stavanger i 3D og la alle bli sin eigen reguleringssjef, foreslo Gaupås som eit tiltak for å gjera byen smartare, og fekk sterk støtte i at digital kompetanse er nøkkelen til å utvikla ein smart by.
Arrangementet på Hall Toll var avspark for Stavanger Impact Week, som har som mål å dela kunnskap og knytta ulike fagmiljø saman for å skapa idear som kan bidra til vekst i regionen.
Greater Stavanger hadde valgt spørsmålet «Kva forventar me av byen?» som utgangspunkt for samlinga. Fyrtårnsprosjektet Triangulum, der UiS er med, var arrangør i samarbeid med Nordic Edge Expo.
Digitalisering
Gaupås viste til styresmaktene sine ambisiøse mål for digitalisering av samfunnet, der brukarane sin tillit og kompetanse i bruk av digitale hjelpemidlar er blant suksessfaktorane.
Han meinte det er langt fram dersom ikkje innsatsen for å styrka kompetansen og auka bruken av digitale hjelpemidlar blant folk flest blir kraftig styrka.
- Stavanger treng smarte innbyggarar for å kunna kalla seg ein smart by, sa Gaupås, og formidla på vegne av studentane i byen eit ønske om saumlaus transport og kommunikasjon i regionen.
Fornybar energi
Stavanger er saman med Manchester og Eindhoven såkalla fyrtårnbyar i Triangulum-prosjektet i EUs forskingsprogram Horisont 2020. Over ein femårsperiode skal det utviklast fleire smarte løysingar innan transport, IKT og energi.
I tillegg til universitetet er kommunen, fylkeskommunen, Greater Stavanger og Lyse med i programmet.
Det er også eit krav om 75 prosent fornybar energi frå lokale energikjelder. EU refunderer deler av kostnadene etter at dei planlagte prosjekta er gjennomførte.
Tekst: Lars Gunnar Dahle
Foto: StOr