en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Smart vatn gjev meir olje

Vatn opptrer i mange former. Hardt vatn, mjukt vatn, saltvatn, is, dogg og fukt er alle kjente omgrep. “Smart vatn” er kanskje mindre kjent.

Filter som lagar «smart vatn» utan tilsettingsstoff skal gje meir effektiv produksjon av olje og gass, fortel Torleiv Bilstad, Remya Nair og Evgenia Protasova. Filter som lagar «smart vatn» utan tilsettingsstoff skal gje meir effektiv produksjon av olje og gass, fortel Torleiv Bilstad, Remya Nair og Evgenia Protasova.

Forskar Evgenia Protasova og doktorgradsstipendiat Remya Nair står like fullt på sitt. Dei forskar begge på smart vatn ved Det nasjonale IOR-senteret på Universitetet i Stavanger.

Saman med professor Torleiv Bilstad ved Institutt for matematikk og naturvitenskap ved Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet utnyttar dei  eigenskapar ved vatnet som har opna for meir effektiv oljeproduksjon.

IOR - Improved  Oil Recovery – omfattar alle metodar som har som mål å utvinna mest mogeleg av hydrokarbonane frå reservoaret før trykket blir for lågt til å oppretthalda lønsam produksjon.

Den vanlegaste metoden er å tilsetja polymerar i injeksjonsvatnet - som er sjøvatn. Polymerar  er enkelt sagt lange strenger med molekylar som gjer vatnet meir viskøst og dermed i stand til å skyva meir olje ut av dei ørsmå porene i undergrunnen i retning av dei produserande brønnane.

Manipulerer ioner

Men den kostbare polymeren tåler lite før han går i oppløysing og IOR-effekten blir ofte sterkt redusert på den lange vegen frå plattformen eller produksjonsskipet til oljebrønnane.

- Ved heller å manipulera samansettinga av ionene som er i lag med vassmolekylane før injeksjonen blir olja fortrengt langt betre enn ved bruk av polymer. Dette gjev grunnlag for ein høgare utvinningsgrad – og dermed lengre levetid på feltet, fortel Evgenia Protasova.

Superfilter

Metoden er både enklare og mindre kostbar enn bruk av polymer. Spesialutvikla nanofilter blir installert øvst i injeksjonsbrønnane. Desse endrar samansettinga av ionar i vatnet på ein slik måte at olja i  reservoaret blir «skyvd» mot dei produserande brønnane utan hjelp av polymeren.

- Filtera gjer med andre ord heile jobben både enklare og til ein langt lågare kostnad, seier Remya Nair, og viser til ein stabel av filter på kontorhylla. Desse er brukt i laboratorieforsøk som har vist det store potensialet i filterteknologien.

Fleksibel teknologi

For å kunna utforma smart vatn må me forstå i minste detalj dei kjemiske samanhengane mellom bergartene og vatnet i reservoaret, råoljen og injeksjon av saltvatn, fortel Torleiv Bilstad, som har engasjert seg i vatn gjennom heile sin profesjonelle karriere.

I 2008 mottok Bilstad Vannprisen for arbeidet sitt innan vatn- og miljørelatert undervisning og forsking.

- Det ligg mange år med forsking i ulike miljø og frå dedikerte fagfolk bak den kunnskapen me i dag har om korleis injeksjonsvatnet kan tilpassast kvar enkelt sone i reservoaret, presiserer Bilstad.

Remya frå India og Evgenia frå Russland er blant dei ferskaste på denne lista. Dei gjev begge uttrykk for at dei har funne seg godt til rette på UiS med omsyn både til den akademiske kvaliteten og miljøet elles.

Besøk Det nasjonale IOR-senteret på våre engelske nettsider

Tekst og foto: Lars Gunnar Dahle

Professor Torleiv Bilstad, Remya Nair og Evgenia Protasova har prøvt ut fleire typar filter for å auka oljeproduksjonen.

Professor Torleiv Bilstad, Remya Nair og Evgenia Protasova har prøvt ut fleire typar filter for å auka oljeproduksjonen.