en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Religion i regionen

Kvifor har eigentleg Noreg si mest populære salme «Navnet Jesus» ein melodi frå Zululand? Dette er berre eitt av mange spørsmål som religionsforskarane Anne Kalvig og Anna Rebecca Solevåg svarar på i den ferske boka «Levende religion».

  • Anne Kalvig og Anna Rebecca Solevåg er aktuelle med boka «Levende religion».
    Anne Kalvig og Anna Rebecca Solevåg er aktuelle med boka «Levende religion».
  • Bilete frå boka «Levende religion», redigert av Anne Kalvig og Anne Rebecca Solevåg.
    Bilete frå boka «Levende religion», redigert av Anne Kalvig og Anne Rebecca Solevåg.
  • Eit av bileta som vart teke i høve boka «Levende religion».
    Eit av bileta som vart teke i høve boka «Levende religion».

Boka «Levende religion» er så å seie rykande fersk. Nyleg kom ho att frå trykkeriet, og no sit Anne Kalvig med ho, varsamt i fanget. Saman med førsteamanuensis i Det nye testamentet, Anne Rebecca Solevåg ved Misjonshøgskolen i Stavanger, har førsteamanuensis i religionsvitskap Anne Kalvig redigert boka og skreve innleiinga samt eitt av totalt 13 kapittel, «Frå New Age til nyåndelegheit». 

Starta med forskingssamarbeid
Det var i høve forskingsprogrammet RKG, som står for Religion, kultur og globalisering, at ideen om ei bok oppstod. RKG er eit forskingssamarbeid mellom UiS og Misjonshøgskolen som starta i 2012. Boka handlar om religion i Rogaland og særleg i Stavanger-regionen, og ho skal gje svar på spørsmål du kanskje har lurt på når det kjem til religionane i regionen.

For veit du kva religionar som finst i regionen? Og kva religion er i praksis? Eller har du tenkt over på kva måtar mangfaldet i religiøs praksis kjem til uttrykk på i Noreg i dag? Eller korleis slikt mangfald kom til uttrykk før?

Historiske hendingar
Boka utforskar aktuelle trendar innan religionsforskinga, som globalisering, religiøs praksis og kvardagsreligion gjennom at lokale, religiøse manifestasjonar vert sett nærare på. Måndag 28. september vart det arrangert bokbad i Folken i høve utgivinga av boka. Framfor ein nærast fullsatt sal, kunne Kalvig og Solevåg fortelle om historiske hendingar og trendar, som begge deler syner korleis religion og spiritualitet lever, reiser og stadig er i endring igjennom menneska sine praksisar og erfaringar. 

– Bokbadet var veldig vellukka. Harald Birkevold, journalist i Aftenbladet, leia det heile med ei stø hand og vi følte at publikum fekk det dei kom for, seier Kalvig. 

– Skrått blikk
Bokbadet var ikkje den einaste hendinga i høve bokutgivinga. Torsdag 5. november deltek Solevåg på «Torsdag på museet» saman med kyrkjehistorikar Torstein Jørgensen. Jørgensen har skrive eit kapittel i Levende religion om «Pavens lange arm», der han mellom anna fortell om ei bloddryppande mordsak frå Domkyrkja i mellomalderen. På nyåret vert det også «Bokprat» i Biblioteket på Sølvberget.

I tillegg vert det truleg ei fotoutstilling på Hå. Der skal bileta som fotograf Asbjørn Jensen har teke i høve boka stillast ut. Jensen er ein prisløna fotograf som også er tilsett ved UiS.

– Bileta hans har verkeleg løfta denne utgjevinga, seier redaktørane, og viser til at han med eit eige, gjerne litt «skrått», blikk på levande religion, har kunna supplera, utdjupa og kontrastera forfattarane sine perspektiv.

– Spesiell region
Rogaland er ein spesiell region når det kjem til religion og globalisering, konstaterar redaktørane. 

– Vi har i den katolske delen av historia vår hatt prestar i Domkyrkja med relasjonar til paven i Roma. Rogaland var mellom dei fyrste stadene til å ta til seg impulsar frå kontinentet, som pietisme er døme på. I tillegg var Rogaland svært tidleg ute med internasjonale studentar. Heilt tilbake på 1800-talet gjekk det afrikanske studentar på Misjonshøgskulen som eit resultat av misjonsverksomheita i Afrika, seier Solevåg.
 
– I dag viser det globale mangfaldet seg mellom anna gjennom ei mengd ulike migrantmenigheiter, ei stor og mangfaldig katolsk kyrkje, muslimske moskear, nyåndelege aktørar, buddhistar og kvekarar, for å nemna nokre av dei som er tematiserte i boka, legg Kalvig til.

Biskopen har bidrege
Forfattarane som bidreg i antologien representerer ulike fag, som antropologi, historie, teologi, bibelvitskap, religionsvitskap og religionsdidaktikk. To av kapitla er dessutan skrivne av aktørar på feltet, der fokus på det globale i det lokale, religiøs praksis og kvardagsliv like fullt er tema: Biskop Erling Pettersen har skrive eit kapittel saman med Geir Skårland om Folkekyrkje og kyrkjefolk i Rogland, medan dialogprest Silje Trym Mathiassen har skrive om dialogarbeid som religiøs praksis. 

Boka tek også opp andre tema som mellom anna utvandrarane som reiste til Amerika og kom tilbake sterkt påverka av religiøse trendar og pietismen. Også det alternative som nyreligiøsitet har ein plass i boka. Sjølv om mange religionar og trendar vert nemnde i boka, understreker Kalvig likevel at boka ikkje er meint som eit oppslagsverk. 

– Boka skal i ein mindre skala kunne hjelpe lesarane til å forstå meir av religion, av plassen religion kan ha i liva folk lever. Boka presenterer dette på ein heilskapleg måte for fyrste gong i vår del av landet,  og folk kan danne seg eit meir utfyllande bilete av kva religionar som finst her, seier Kalvig. 

Inspirert av Zululand
Så kva er eigentleg årsaka til Noreg sin mest populære salme «Navnet Jesus», har melodi frå Zululand? Boka fortel om Zululand, eit område i Sør-Afrika som var Det Norske Misjonsselskap si første misjonsmark. Salmen er skriven av samlediktar og offiser i Frelsesarmeen David Welander. Han fekk høyre melodien sommaren 1922, då Frelsesarmé-misjonærar i Zululand vitja Noreg og framførte zulusangar.

Welander vart begeistra for dei vakre melodiane, og året etter hadde han «Navnet Jesus» klar. Songen spreidde seg raskt frå Frelsesarmeen til alle kristne forsamlingar i landet. I 1995 kåra TV2-sjåarar salmen til den beste salmen igjennom tidene, og i 2005 kåra P1 sine radiolyttarar «Navnet Jesus» til århundret sin beste salme. Dette dømet illustrerer religion som noko sanseleg, som eit menneskeleg uttrykk gjennom song og stemmebruk, og er også døme på religiøs praksis mellom det globale og det lokale, skriv Kalvig og Solevåg i innleiinga i boka. 

Les meir om boka «Levende religion» her.


Tekst: Maria Gilje Torheim
Foto: Asbjørn Jensen