en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Pasientars død pregar helsearbeidarar si sjølvforståing

I møtet med døyande, får helsearbeidarar berre ein sjanse til å lukkast moralsk og sosialt. Mange av dei som føler dei mislukkast, vert heimsøkt resten av livet.

To hender. Foto: UiS

Tidligare forsking skildrar kva det kan gjere med pasientar å bli konfrontert med sin eigen død. Kjetil Moen har undersøkt korleis sjukepleiarar, legar og sjukehusprestar vert påverka av å arbeide med alvorleg sjuke og døyande.

Han finn at arbeid med alvorleg sjuke og døyande, pregar den profesjonelle si oppfatning av seg sjølv og arbeidet han eller ho gjer.
- Det er ikkje eigen død dei fryktar mest, men at dei ikkje skal strekke til moralsk eller sosialt, seier han.

Moen er sjukehusprest ved Stavanger Universitetssjukehus og universitetslærer ved Universitetet i Stavanger. I sitt doktorgradsarbeid har han intervjua norske og amerikanske helsearbeidarar om deira historier og opplevingar kring arbeidet i grenseland mellom liv og død.

Forteljingar som forfølgjer ein
Døden kan ikkje reverserast, og ein får ikkje høve til å rette opp eventuelle feil. Mange som opplever å komme til kort, slit med kjensla av skam og skuld i årevis.
- Det blir ofte «stories that haunt you» - forteljingar som forfølgjer deg, seier Moen.

Å gjere feil, kan prege folk sterkt og i verste fall presse dei ut av arbeidslivet. Difor er det viktig å vere klar over at helsearbeidaren, ikkje berre den alvorleg sjuke eller døyande, treng å handsama opplevingar og kjensler.
- Eg er opptatt av at me skapar rom kor profesjonelle kan arbeide med sine erfaringar, seier han.

Førebu helsearbeidarar på at det vert personleg
I ei tid med krav til effektive helse- og omsorgstenester, er det viktig å ta omsyn til at helsepersonell er personleg, så vel som profesjonelt, involvert når dei arbeidar med alvorleg sjuke og døyande. I tillegg til den profesjonelle og pasienten, er kunnskapen viktig for politikarar, utdanningsinstitusjonar og arbeidsgivarar for å førebu, støtte og utvikle helsepersonell.

Spesielt dei som skal utdanna morgondagens sjukepleiarar, legar og sjukehusprestar må vere klar over kva rolle det eksistensielle spelar i arbeidet i grenselandet mellom liv og død. Moens avhandling underskrekjar kor viktig det er å ta med denne vurderinga, samstundes som den gir innsikt i korleis man metodisk kan arbeide for å gjere nettopp det.

Referanse:
Moen, K. (2016) «Death at Work. An interpertation of biographical narratives of professionals in end of life care.”

Tekst: Karoline Reilstad

Saka er og publisert på forskning.no

Kjetil Moen

Kjetil Moen disputerte 9.september 2016.