en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ny strategi og organisering på UiS

Styret vedtok revidert strategi fram mot 2020 på møtet 8. juni. Samstundes godkjende styret ei ny fagleg og administrativ organisering av universitetet.

Alle vedtaka frå styremøtet 8. juni 2017 vil bli publisert på vår nettside for styreprotokollar.

Sidan august 2016i fjor har UiS arbeidd med å revidere universitetet sin strategiske plan fram mot 2020.

Bakgrunnen er at Kunnskapsdepartementet i fjor etterlyste ein meir spissa strategi, mellom anna for å møte regionen sine behov i ei tid prega av omstilling.

Digitalisering, internasjonalisering, samfunnsutvikling og innovasjon er satt opp som tverrgåande satsingsområde i strategidokumentet, som blei vedteke av styret.

Styret behandla også to saker om omorganisering av universitetet.

Tre nye fakultet

Den første gjaldt ny overordna, fagleg organisering (last ned saksframlegget for fagleg organisering her (pdf)). 

Eit vedtak i styret i fjor innebar ei auke frå fire til sju einingar på fakultetsnivå, no har dei dei tre nye fakulteta også fått offisielle namn:

  • Det helsevitskaplege fakultet
  • Fakultet for utøvande kunstfag
  • Handelshøgskulen ved UiS

Det Humanistiske fakultet får nytt namn: Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora.

Fleire nye institutt

Styret godkjende i tillegg ei rekkje namnebytte og nye einingar på instituttnivå.

Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi byter namn til Institutt for maskin, bygg og materialteknologi.

Institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag blir erstatta av Institutt for medie- og samfunnsfag.

Ny runde om petroleum

Institutt for matematikk og naturvitskap blir delt i to:

  • Institutt for matematikk og fysikk
  • Institutt for kjemi og biovitskap

Styret vedtok også å samle fagmiljøet innanfor samfunnstryggleik og risikostyring i Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging (IØRP) på TN-fakultetet.

Universitetsdirektøren foreslo også å dele opp noverande Institutt for petroleumsteknologi i to nye institutt: Institutt for geologi og reservoar og Institutt for energiteknikk. Dette forslaget blei sendt tilbake til administrasjonen for meir utredning, som styret skal få tilbake på neste møte.

Studieprogram

I styrets vedtak om ny fagleg organisering ligg det også at alle studieprogram skal ha ein studieprogramleiar med ansvar for koordinering, kvalitetssikring og -utvikling av studiet til ein kvar tid.

Alle fakultet (unntatt Arkeologisk museum) skal ha eit studieprogramutval. Det skal ha ansvar for samordning og synergieffektar på tvers av studieprogramma og elles støtte studieprogramleiar med koordinering, kvalitetssikring og -utvikling av det einskilde studieprogram.

Ny administrativ struktur

Den faglege organiseringa får følgje av ein ny administrativ struktur, som også vart vedteke i dette møtet. Den tek utgangspunkt i følgjande prinsipp:

  • Standardisering og likebehandling
  • Brukerorientering
  • Resultatorientering
  • Samhandling

Forenkling og digitalisering

Vedtaket inneber også færre administrative nivå, samorganisering av enkelte funksjonar og virkemiddel for tettare samarbeid horisontalt og vertikalt i organisasjonen.

I tillegg skal det blir fleire felles rutinar, opplæring og kompetanseutvikling av administratorar, samt tiltak for å standardisere, forenkle og digitalisere administrative prosessar.

Eit forslag om å etablere ei ny eining for verksemdstyring blei tatt ut av forslaget. Rektor ynskjer å sjå dette forslaget i samanheng med overgangen til ny, tilsett rektor om to år.

Resten av saka vart vedteke med enkelte endringar.

Andre saker

Styret fekk også rapportar om rekneskap, tal for studiesøking, forsking og innovasjon på bordet. Styret vedtok desse og andre saker med enkelte endringar.

Komplett protokoll med alle vedtak blir publisert på sida for styreprotokollar) så fort rå er.

Tekst: Leiv Gunnar Lie
(Artikkel først publisert 9.6)

Arne Rettedals hus

Styremøtet gikk føre seg på Arne Rettedals hus