en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Masteroppgåver rett inn i samfunnsdebatten

Bilfritt Oslo sentrum, sentrumsparkering i Trondheim, smarte bygg og Torget i Stavanger har vore under lupa til masterstudentane på byplanlegging.

Fire masterstudentar på byplanlegging ved Universitetet i Stavanger. Frå venstre: Jessica Zaki, Monica Reinertsen, Diamanta Zogaj og Fredrick Walløe.

Avgangsstudentane på master i byplanlegging presentere sine masteroppgåver like etter innlevering. Dei har arbeida tett med arbeidslivet for å kaste lys på dagsaktuelle utfordringar.

– Alle har valt tema som er relevante og samfunnsrelaterte. Det er gledeleg at dei har valt å engasjere seg i oppgåver som går ut på å lage betre samfunn for alle, seier forelesar og professor Harald N. Røstvik.

Bilfritt eller parkeringsfritt

Jessica Zaki si oppgåve tar utgangspunkt i diskusjonen kring bilkøyringa i sentral delar av hovudstaden.
– Dette er eit spennande tema som er mykje diskutert. Kor vidt bilar skal bli forbode i eit område mellom Jernbanetorget og rådhuset har vore politisk tema, seier ho.

Målet var å sjå på korleis ein kan auke tryggleiken og leggje betre til rette for syklistar og gåande i Oslo sentrum.
– Det er mange moglege løysingar, og mi oppgåve viser nokre av desse, seier ho.

Eit av funna hennar er forvirringa kring bruken av omgrepet «bilfritt».
– Sentrum skal ikkje bli bilfritt, men parkering på gatenivå som skal bort. Det har vore feil formidla, seier ho.

Zaki legg vekt på at det må leggjast fysisk til rette for det, om ein ynskjer at sentrum skal bli meir attraktivt blant gåande og syklande.
– Endringar tek tid. Folk blir inspirert av andre, seier ho.

Ikkje nok å fjerne bilane

Medstudent Diamanta Zogaj har skrevet oppgåve i same gate. På vegne av Trondheim kommune har hun sett nærmere på gateparkering i byen. Kommunen ønskjer meir byliv, og i oppgåva si undersøkjer ho problemstillinga «Korleis kan frigjort gateparkeringsareal brukast til å auke gateliv?»

Ho har sett på to sentrumsnære gater kor bilane dominerer i dag, og kor gatemiljøet korkje er innbydande eller tilrettelagt for opphald i gata.

Ho minner om at det ikkje er nok å stenge ei gate om ein vil ha byliv.
– Ein må oppgradere for gåande og syklande om ein vil ha byliv. Kan ikkje berre fjerne bilane og forvente at byliv kjem av seg sjølve, seier Zogaj.
Ho har følgjande råd til kommunen: oppdater gatebelegg, fjerne kantsoner og utvide gangsone og for å skape ei møblert sone, sykkelparkering, kafear ol. Pluss temporære møbler – midlertidig bruk av byrommet.
– Det er summen av tiltak som fører til auka byliv. Når det er godt tilrettelagt, kan det føre til meir bruk.

Smartbygg – kva er nå det?

Eit anna tema i vinden er smarte hus, smarte byar og smartteknologi.

– Alt er smart for tida. Når det gjeld smartbygg er det uklart kva det er og kva ein vil oppnå, seier Fredrick Walløe. Han har leita etter svar i masteroppgåva som er skriven i samarbeid med Skanska.

Fellesnemnaren er bruk av teknologi for å auke effektivitet, men Walløe finn at det vert lagt ulikt innhald i omgrepa. Sidan han skulle avgrense kva smartbygg er, starta han med kva det ikkje er.
–  Smartbygg er ikkje smarthus. Smarthus handlar om personleg gevinst i einebustader, seier han.

Konklusjonen hans er at det ikkje finst noko vedtatt definisjon på kva smartbygg er. Han understreker at ein først må bli einige om ein definisjon og kor mykje teknologi bygget må ha før det kan kallast smart.

Torget – ikkje folketomt likevel

Også eit mykje omdiskutert tema, i alle fall i Stavanger, dei siste åra er Torget. Sidan ombygginga, som ble fullført i 2008, har debatten rasa.
– Torget er omdiskutert, og alle har meiningar om det. Eg lurte på kva som er greia, seier Monica Reinertsen, som har levert masteroppgåva «Byens festplass i hverdagen - En casestudie av Torget i Stavanger».

Ho gjekk vitskapleg til verks for å finne ut om Torget er folketomt, slik nokre hevdar.
– Debatten har vore mykje prega av følelsar, og eg ville tilføre debatten meir fakta.

I løpet av ei veke talde og observerte ho folk på Torget tre gonger dagleg, fem minutt kvar gong. Til saman registrerte ho 3500 personar, kor 90 prosent passerte eller kryssa plassen.
– Det er alltid folk på Torget, men det er eit stort potensiale i at fleire skal stoppe opp og opphalde seg på Torget, seier ho.

Denne åtferdsregistreringa gjorde hun ved hjelp av ein app, utviklet av Alexander Wiig Sørensen og Espen Stuvik Vier som var bachelorstudentar i datateknologi ved UiS i vår.

For at Torget skal yre av liv, er ein avhengig av at nokon arbeidar dagleg med å fylle torgflata og organisere aktiviteter, meiner ho.
– I dag er det altfor tilfeldig frå dag til dag. Torget er ikkje så håplaust at det ikkje kan brukast. Torget fungerer godt som byen festplass (i henhold til bestillingen), men bør oppgraderes med små romlige intervensjoner.

Tekst og foto: Karoline Reilstad

UiS logo