en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Masteravslutning for studentar frå 38 land

Ein tredjedel av dei totalt 342 studentar som i år går ut med mastergrad frå Det teknisk-naturvitskaplege er utanlandske.

  • /TN/Bilder/Master_2.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Høgtidleg avslutningseremoni for masterstudentar ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet. Totalt 342 studentar har fullført mastergrad ved fakultetet i år.
  • /TN/Bilder/Master_3.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Sevi Vik delte ut Tekna educational award til Avito Loops.
  • /TN/Bilder/Master_Brage.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Brage W. Johansen talte til studentane.
  • /TN/Bilder/Master_IDE.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Masterstudentar fra Institutt for data- og elektroteknikk.

Fredag 16.juni var Tjodhallen fullsett med masterstudentar og deira familie og vener. Masteravslutninga for studentar på Det teknisk-naturvitskaplege fakultet er ei høgtideleg markering av at femår med studium er fullført.

Flest studentar frå Russland, India og Indonesia

Ved fakultetet er det i år 342 studentar innan realfag og sivilingeniørfag som er ferdige med mastergrada. Det er 10 prosent fleire enn i fjor. Studentane representerer 38 land, kor flest kjem frå Russland, India og Indonesia.

Under seremonien blei alle heidra med utdeling av masterdiplom, talar og kunstnariske innslag.

– Dette er ein stolt dag for dykk, og for oss. De har fullført fem år med hardt arbeid, sa dekan Øystein Lund Bø i si helsing.

Han håpar studentane, i tillegg til mastergrada, tek med seg god opplevingar i bagasjen når dei reiser frå Ullandhaug.
– Eg er sikker på at de nokre gonger har vore i flytsona, medan de andre gonger har vore gjennom periodar kor de har vore usikre. Begge erfaringane er nyttige å ta med seg, sa Bø.

– Be cool

Tidlegare student i Stavanger og Zaptec-gründer Brage W. Johansen oppmoda studentane til  å vere kreative og skape noko når dei snart skal ut i arbeid.
– De kan forandre noko. De har moglegheita, meir enn nokon andre som har levd før dykk, sa han.
Han har fylgjande råd til studentane som vil starte eigne selskap: Vær vennlege, tenk langsiktig og «be cool».

Prisdrys

Masteravslutninga har òg tradisjon for å gjere ekstra stas på studentar og tilsette som har utmerka seg særskild.
Professor Harald N. Røstvik frå Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging blei heidra som beste forelesar på masternivå. Juryen trekker fram at han alltid er godt førebudd og gir varierte eksempel for å hjelpe studentane forstå kompliserte tema knytt til aktuelle samfunnsspørsmål.
– Han utfordrar studentane til å reflektere, og han er open for å høyre deira forslag. Han ønsker at studentane skal forstå og lukkast. I tillegg er det tydeleg at han elskar det han gjer, heiter det i grunngjevinga.

Tekna student award blei tildelt Elias Silverio Moland, student på industriell økonomi. Han har gjennom studietida på UiS engasjert seg i blant anna studentorganisasjonane ION Racing og Mars Institute Student Chapter, maskiningeniøranes linjeforeininga AKSEL og i Tekna. Juryen legg vekt på at han er ein som gjer ein forskjell og ein lagspelar.

Tekna educational award gjekk til Avito Loops og Repsol Energy Best student award til Camilo Medina, Iris Sok Yee Kam, Osama Assaf.

Tekst og foto: Karoline Reilstad