en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

IOR - naturleg og lovpålagt

- Vi rogalendingar er opplærte til å utnytta naturressursane på best mogeleg vis og ikkje la noko gå til spille. Slik har det vore på bøane og fiskebruka i alle år og slik sett er arbeidet med å henta opp så mykje olje me er i stand til frå dei reservoara me oppdagar i tråd med god norsk – og altså jærsk – tradisjon.

Standard Svein Magne Skjæveland meiner det er moralsk korrekt å henta ut mest mogeleg av olja i felt som er i produksjon (Foto: Asbjørn Jensen) Svein Magne Skjæveland meiner det er moralsk korrekt å henta ut mest mogeleg av olja i felt som er i produksjon (Foto: Asbjørn Jensen)

Det er lite opprørsk over professor emeritus Svein Magne Skjæveland når 71-åringen tålmodig greier ut om det han har arbeidd lengst med og er kjent for langt utover Noregs grenser - IOR - eller auka utvinning av olje (Improved oil recovery).

Den lågmælte men velkvalifiserte programerklæringa blir delt over ein kopp kaffi og ein duk, som det seg passar også har levt ei stund, på det ryddige, men godt utnytta kontoret hans på Universitetet på Ullandhaug, som har vore episenteret i ein imponerande karriere, og der han no arbeider som Director of Academia ved det nasjonale IOR-senteret.

God vane som løner seg

Pedagogisk korrekt minner han om at IOR ikkje er funne opp av ingeniørar og oljefolk for teknologien si eiga skuld, men at det heller er ein måte å planlegga og gjennomføra utbygging og produksjon på som gjev fleire fat olje produsert i høve til kostnadene.

Skjæveland viser til Petroleumslova, som regulerer all aktivitet på norsk sokkel, der det heiter at produksjonen skal foregå slik at «mest mulig av den petroleum som finnes i hver enkelt petroleumsforekomst, eller i flere petroleumsforekomster sammen, blir produsert».

Vidare slår lova fast at oljeselskapa har ansvar for at  «øding av petroleum eller reservoarenergi unngås» og at dei pliktar å sikra dette gjennom fortløpande å vurdera, setja i verks og tilpassa utvinningsstrategi og tekniske løysingar.

- Det er med andre ord i strid med lova om selskapa ikkje gjer det dei kan for å auka utvinningsgraden frå eit felt på ein forsvarleg måte, slår Skjæveland fast – utan store fakter, men med tyngde som ein Condeep trygt plassert i Nordsjøen.

Global og lokal

Tid for påfyll. Medan professoren skjenker kaffi er det tid til å kikka på utmerkingane og prisane som dekorerer kontorveggene. Tydelege spor viser at eit internasjonalt fagmiljø har visst å setja pris på Skjæveland si forsking og publisering – og førelesingar - og ikkje minst det brennande engasjementet hans for petroleumsfaget og for kunsten å optimalisera oljeproduksjonen under svært skiftande tilhøve.  

Godt det er høgt under taket på Ullandhaug. Og det kan universitetet også takka Skjæveland for. Han hadde ei viktig rolle i den krevjande og langvarige prosessen som, trass motstand og uvilje frå fleira hald, til slutt sikra Stavanger eit universitet.

I løpet av prosessen hadde han faglege og leiande roller ved Rogaland distriktshøgskole, Rogalandsforskning, Høgskolesenteret i Rogaland (som rektor frå 1992 til 1994) og Høgskolen i Stavanger. I tillegg står ei rekke forskingsinstitusjonar oljeindustrien og mange faglege nettverk på den fyldige CV-en hans.

Utviklingsarbeid

Ulikskapen mellom i-land og u-land har oppteke Skjæveland sterkt og han har arbeidd aktivt for at naturressursar skal gje grunnlag for vekst og utvikling i staden for større ulikskap og utbytting. Han har difor arbeidd tett med NORAD sitt program EnPe, som arbeider med kapasitetsutvikling innan høgare utdanning og forsking for utvikling innan energi og petroleum.

- Programmet skal bidra til å styrka kapasiteten ved høgare utdanningsinstitusjonar i lav- og middelinntektsland innan energi og petroleum, fortel Skjæveland engasjert.

Av andre utmerkingar Skjæveland har motteke gjennom ein lang fagleg karriere kan nemnast Lyse sin forskingspris, æresdoktor ved Robert Gordon University i Aberdeen, to ganger «Outstanding Technical Editor» av Society of Petroleum Engineers og «Oil Man of the Year 1990» av Society of Petroleum Engineers Stavanger.

Jaktar på ny teknologi

I dag arbeider Skjæveland som Director of Academia ved IOR-senteret ved Universitetet i Stavanger.

Det Nasjonale IOR-senteret vart tildelt UiS i august 2013 etter ein utlyst konkurranse i Norges forskningsråd. Senteret skal finna nye løysingar for den norske kontinentalsokkelen ved hjelp av verdsleiande forsking og nært samarbeid med industrien. IOR-senteret har eit budsjett på 320 millioner kroner over åtte år.

Senteret har tre sentrale partnarar: Universitetet i Stavanger, forskningsinstituttet IRIS og Institutt for energiteknikk (IFE).

Viktig forum

Om IOR NORWAY 2016, som går av stabelen i Stavanger 26.-27. april under mottoet «Recover for the future» seier Skjæveland at denne er eit viktig forum for industrien og for styresmaktene.

- Dette er ingen lokal konferanse, presiserer han, og viser til eit spennande fagleg program med internasjonale ekspertar og interessentar.

- Nytt i år er at doktorgradsstudentane våre stiller med eigne stand og foredrag, seier Skjæveland, som også minner om at pausane mellom presentasjonane er svært viktige når det gjeld å byggja nettverk.

- Om me er aldri så gode i det me held på med må me alltid venda blikket utover, presiserer den entusiastiske IOR-veteranen.

Tekst: Lars Gunnar Dahle
Bilde: Asbjørn Jensen