en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Hektisk og lærerikt nyheitsprosjekt

Mediestudentar ved UiS driftar ein av Rogalands største nyheitsredaksjonar. I to veker sender dei daglege direktesendingar på radio og TV, pluss nettavis.

  • Direkte: Programleiarar på TV, Julia Horn  og Christian Gran Svenningsen.
    Direkte: Programleiarar på TV, Julia Horn og Christian Gran Svenningsen.
  • Planlegging: Vaktsjef for TV, Tonje Madsen (i midten), diskuterer med programleiarane Gran Svenningsen og Julia Horn saken som skal i sendinga.
    Planlegging: Vaktsjef for TV, Tonje Madsen (i midten), diskuterer dagens saker med programleiarane Christian Gran Svenningsen og Julia Horn.
  • Morgonmøte: Studentar frå journalistikk og fjernsyn- og multimedieproduksjon utgjer redaksjonen.
    Morgonmøte: Studentar frå journalistikk og fjernsyn- og multimedieproduksjon utgjer redaksjonen.

Måndag starta det årlege nyheitsprosjektet med mediestudentar på UiS. I to veker skal dei levere nyheiter og aktualitetsstoff frå Sør-Rogaland.

Ekte kjelder, ekte saker og ekte tidspress

Journaliststudentane Julia Horn og Christian Gran Svenningsen er programleiarar på TV-sendinga første dagen. Dei tek utfordringa på strak arm, og meiner dei lærer mykje av å bli kasta ut i det.

– Vi treng teori, men vi lærer utruleg mykje av å prøve og feile, seier Svenningsen.

At studentane skal kjenne på kroppen korleis det er å vere del av ein nyheitsredaksjon er heile poenget med prosjektet. No må dei komme opp med idear til saker, ringje kjelder, gjere intervjuavtaler, reise ut i felten, endre intervjuavtaler og redigere tekst, bilete og lyd. Alt før deadline.

Realistisk

For TV-gjengen er det vaktsjef Tonje Madsen som har ansvar for å halde i trådane og prioritera sakene.

– Det er mange ting å følgje med på. Det mest skremmande er det etiske ansvaret, som å passe på at vi gir moglegheit for tilsvar, seier Madsen.

Studentane har alle rollene i redaksjonen. I tillegg til vaktsjef er dei blant anna programleiar, reporter, live-reporter, nyhendeopplesar og teknisk ansvarleg.

I prosjektet blir studentane vant med å arbeide fort saman, og å stole på kvarandre. Dei får og kjenne korleis det er å vere del av ein redaksjon over tid, sidan prosjektet går over to veker. Alt skal vere så realistisk som mogleg.

Meir enn teori

– Foto og journalistikk er eit handverk ein ikkje berre kan lesa seg til. Ein treng teori og forkunnskapar i botn, men så må ein kaste seg uti og kjenne på korleis det verkeleg er, seier faglærar på journalistikk, Siri Wichne Pedersen.

Allereie første dagen viser studentane lovande takter og stort engasjement med fleire gode saker til første sending. No gjeld det å halde trykket opp dei neste to vekene.

– Det er eit krevjande, men kjekt prosjekt. Frå tidlegare år ser me at prosjektet gjer at studentane blir godt kjent på trinnet, seier Pedersen.

Tekst og foto: Karoline Reilstad