en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Første samling for nytt PPU-studium

Førre veke var ferske PPU-studentar frå fjernt og nært samla ved Universitetet i Stavanger. – Det har vore lange og intense dagar, men studentane har vore motiverte, fortel studiekoordinator Randi Høyland om studiet si første samling.

Biletet syner studentane på det nye PPU-studiet som høyrer på førelesar Ulrich Dettweiler. Studentane på det nye samlingsbaserte PPU-studiet lyttar på førelesar Ulrich Dettweiler.

I dag er det endeleg klart for semesterstart ved Universitetet i Stavanger, (UiS), og i løpet av heile dagen og resten av veka vil nye studentar innta både campus Ullandhaug og campus Bjergsted. Men sjølv om semesterstarten ikkje byrja før i dag, var det likevel full rulle for fleire UiS-studentar førre veke. Blant desse var dei om lag 80 studentane på det nye samlingsbaserte PPU-studiet.

Godt nøgde

Den første samlinga starta på måndag førre veke og varte til og med torsdag. Det vart fire lange dagar med mykje input av både teori og forskning, men studiekoordinatoren kan melde om at studentane var særs motiverte.

 – Vi er godt nøgde med den aller første samlinga. Studentane har vore engasjerte, og faglærarane dyktige, og saman har dei gjort dette til ei positiv erfaring. Vi trur studentane no har fått eit godt grunnlag for å gå i gong med sjølvstudium og arbeide saman digitalt før neste samling, seier Randi Høyland.

No er det opp til studentane og arbeide godt heimefrå, før dei samlast igjen over to dagar i oktober. Undervisinga på studiet er ein kombinasjon av førelesingar, diskusjonar i grupper, seminar, presentasjonar og nettbasert undervisning. Det er lagt opp til at studentane møter førebudd til samlingane, og at dei deltek i gruppeaktivitetar og faglege drøftingar både på campus og digitalt. 

– Passar deira livssituasjon

Det nye PPU-studiet rettar seg mot studentar som har fag- eller yrkesutdanning frå før, men som ikkje ynskjer eller kan studere heiltid og heller ikkje har moglegheit til å møte opp til undervisning kvar veke. UiS har frå før fleire studietilbud innan praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), men det nye samlingsbaserte studiet skil seg ut frå dei andre studiene først og fremst på måten det er organisert på, fortel Høyland. 

– Det er dei intensive undervisningsblokkene fordelt over samlingar på campus og nettstudium/sjølvstudium som skil denne varianten frå det «tradisjonelle» PPU-studiet ved UiS, der det er undervisning kvar veke. Vi har forsøkt å vere fleksible med å tilby ein studievariant som passar inn i studentane sin arbeids- og livssituasjon. Mange av desse studentane har allereie ein undervisningsjobb i skulen og treng PPU for å få formell undervisningskompetanse, ein del har også heimeadresse utanfor Rogaland, og dermed gjer vi PPU-studiet ved UiS attraktivt også for søkjarar frå eit større geografisk område enn tidlegare, sier ho. 

Lurt strategisk val

Instituttleiar ved Institutt for kultur- og språkvitenskap Odd Magne Bakke var sjølv til stades på deler av samlinga, og var godt nøgd med det han kunne observere der.

– Det var god stemning og mange godord om undervisarane, og studentane var interesserte og engasjerte. Eg er svært nøgd med at vi har fått på plass dette tilbodet. Saman med vårt campusbaserte PPU, vil dette bidra til å dekkje lærarmangelen på sikt. Sidan studiet legg til rette for at studentane er i arbeid, vil det også bidra til å formalisert kvalifisere og auke kompetansen til dei som arbeidar i skulen utan pedagogisk utdanning, seier han.

Bakke meiner det er eit lurt strategisk val å opprette eit slikt tilbod med tanke på rekrutteringa av ein anna gruppe studentar enn dei «tradisjonelle», då dette studiet opnar opp for at studentar framleis kan vere i jobb medan dei studerer.

– Dette studiet vil kunne føre til at UiS vil stille sterkare i konkurransen om framtidige studentar. Fleire andre institusjonar tilbyr allereie samlingsbasert PPU, og frå no av vil UiS kunne konkurrere med desse institusjonane om å rekruttere dei aktuelle studentane, seier instituttleiaren.

 

Tekst og foto: Maria Gilje Torheim

UiS logo