en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Doktorgrad om reinseteknologi

Anders Wold (37) forsvarte fredag 12.mai si avhandling om reinsemetodar for avfallsvatn frå oljeindustrien. Han finn at bruk av anaerob biologisk reinseteknologi kan bidra til både betre og meir miljøvennleg reinsing.

Oljeindustrien produserer mange typar avfallsvatn som i dag blir sendt til land for reinsing. Desse reinseprosessane er både energikrevjande og etterlet seg ofte ein stor avfallsfraksjon som må handterast i etterkant.

Målet med studien til Wold har vore å finne ein meir effektiv og miljøvennleg reinsemetode for denne typen avfallsvatn. Han har undersøkt bruk av anaerob biologisk reinsing, og resultatet er ein reduksjon i energiforbruket og behandlingskostnader.

Ved anaerob behandling blir det meste av energien i avfallsvatnet omdanna til metan, noko som førte til at prosessen oppnådde ein positiv energibalanse ved at det blei produsert klimanøytral biogass. Anaerob biologisk reinseteknologi blir difor vurdert som eit berekraftig alternativ til dagens praksis.

Om kandidaten

Anders Wold er 37 år, og frå Stavanger. Under arbeidet med doktorgrada har han vore knytt til Institutt for matematikk og naturvitskap ved UiS. Til dagleg arbeidar han ved Nature Oil & Gas.

Wold forsvarte doktoravhandlinga, som har tittelen «Anaerobic slop water treatment», ved Universitetet i Stavanger 12.mai 2017. Hovudrettleiar har vore Torleiv Bilstad, medan Leif Ydstebø, Roald Kommedal og Martin Løklingholm har vore medrettleiarar i doktorgradsarbeidet.

Anders Wold