en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Dermed pasta

«Mission Impastabru» vann suverent då fire lag kjempa om å representera UiS i World championship in spaghetti bridge building i Budapest neste år. Vinnarlaget sin konstruksjon tålte ei last på heile 98 kilo før ho kollapsa. Dette var over det doble av det lag nummer to kunne notera seg.

  • Sindre Habbestad finjusterer festet før styrkeprøven - UiS i World championship in spaghetti bridge building
    Sindre Habbestad finjusterer festet før styrkeprøven
  • Kristian Lie Vorre og Svein Kåre Dahle, team
    Kristian Lie Vorre og Svein Kåre Dahle - team "Skjortetirsdag"
  • Tormod Skar og Ninni Sofie Brun i Team
    Tormod Skar og Ninni Sofie Brun i Team "Pasta Løver"
  • Giorgio Pattarini - Team
    Giorgio Pattarini - Team "Pasta Lovers"
  • Når smell det? - UiS i World championship in spaghetti bridge building
    Når smell det?
  • Vinnarlaget frå UiS i World championship in spaghetti building
    Vinnarlaget: f.v. Thomas Riber, Sindre Habbestad og Marius Ramslien. Kjell Alfred Aaberg var ikkje til stades

- Ingen konstruksjon er sterkare enn det svakaste punktet, heiter det. Dette vart tydeleg demonstrert under UiS-finalen i Kjølv Egelands Hus. For dei fleste sitt vedkommande løsna festet for den hydrauliske trekkarmen i underkant av brua før sjølve kosntruksjonen gav etter. Alle brubyggarane fekk difor ikkje fekk vist kor mykje konstruksjonen kunne ha tålt under optimale forhold.

- Mykje nyttig læring for kommande kvalifiseringsrundar og sjølvsagt viktig erfaring for studentane, seier ildsjelene bak tevlinga førsteamanuensis Luís Evangelista og senioringeniør Samdar Kakay ved Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi (IKM) ved Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet. Dei takkar Byggingeniørenes Linjeforening (BIF) for god hjelp.

Tevlinga i Budapest er rekna som den beste i verda i sitt slag og Stavangerlaget vil møta tøff motstand i den storslåtte tilstellinga, der rekorden er på heile 570,3 kilo last.

Reglane for tevlinga er følgjande: Konstruksjonen skal ha eit fritt spenn på minst 1 meter, ikkje vega over 1 kilo, alle typar pasta kan brukast og lim kan berre nyttast i knutepunkta.

Tekst og foto: Lars Gunnar Dahle