en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Automatisering gjer boreoperasjonar tryggare

Den nye strømmingsriggen som Institutt for petroleumsteknologi (IPT) nyleg tok i bruk, er viktig i forskinga omkring større tryggleik rundt boreoperasjonar til havs.

Omvisning i fleirfaselabben ved UiS Omvisning i fleirfaselabben, som er blitt både større og sikrare.

Riggen er ein del av det nye MPD-laboratoriet («Managed Pressure Drilling»). Midlar til laboratoriet er gitt UiS som del av Statoil Akademia-avtalen og viser kor viktig industrien meiner automatisering av bore- og brønnprosessen er i arbeidet for tryggare operasjonar til havs. I tillegg til dei nye strømmingsriggane gjev Statoil også midlar til ph.d.- og postdoc-arbeid.

Boring av djupe brønnar til havs inn i reservoar med høge trykk og med små marginar for variasjon i tillatne brønntrykk utgjer ein stor risiko. Ein av desse er «gass-kick», ei ukontrollert innstrøyming av reservoargass under høgt trykk, som kan gje utblåsingar. 

Under fagseminaret i forkant av overleveringa gjorde sjefsforskar i Statoil, Stein Børre Torp, greie for utfordringane bransjen har i høve til å auka effektiviteten slik boreoperasjonane er organisert i dag.

- Lær av luftfarten

- Olje- og gassnæringa må ta lærdom av måten luftfarten har utnytta ny teknologi og automatisering på i arbeidet med å betra tryggleiken, sa Torp, og fekk full støtte i dette frå IPT-professorane Kjell-Kåre Fjelde og Gerhard Nygaard.

Den nye MPD-riggen er sett saman av tre delsystem med kvar sitt forskingsfokus og dei vil kvar på sin måte bidra til å auka kunnskapen om korleis boring- og brønnarbeid kan gjerast tryggare og meir effektivt. Utstyret blir viktig i UiS sitt arbeid med å utvikla sikrare måtar å arbeida på.

Fleirfasedugnad

Om lag 15 medarbeidarar, forskarar og studentar, har teke aktiv del i arbeidet med bygginga av det som i praksis er ein rigg for dynamisk fleirfasestrøyming. Det vil seie samstundes strøyming av olje, vatn og gass under stadig varierande strøymingsforhold.

- Rigganlegget me har bygd no passar godt inn i det omfattande fleirfaselaboratoriet ved IPT, og kan dra nytte av avanserte målemetodar som er innkjøpt og utvikla i over 30 år, seier professor Rune Time.

Tekst og foto: Lars Gunnar Dahle
(Først publisert 30.06.16)

Bachelorstudentane Magnus Habbestad (t.v.) og Simen Nilsen.

Bachelorstudentane Magnus Habbestad (t.v.) og Simen Nilsen er mellom to av mange studentar som har vore med på oppgradering av fleirfaseriggen. Dei har alt teke utstyret i bruk som del av oppgåva deira.