en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Fakultet, institutt og senter ved UiS

Kvart fakultet blir leia av ein dekan med totalansvar for verksemda. Fakultetsleiinga består i tillegg av instituttleiarar med ansvar for verksemda på institutta, prodekanar for forsking og undervising og fakultetsdirektør.

Oversiktsbilde campus Ullandhaug, Universitetet i Stavanger.

Det humanistiske fakultet består av Institutt for musikk og dans, Institutt for kultur- og språkvitskap, Institutt for grunnskolelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk og Institutt for barnehagelærarutdanning. Dei to nasjonale forskings- og kompetansesentra, Nasjonalt senter for adferdsforsking og Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking, Lesesenteret, er òg ein del av Det humanistiske fakultet. Dei to sentra er leia av kvar sin senterleiar.

Det samfunnsvitskaplege fakultet består av Norsk hotellhøgskole, Handelshøgskolen ved UiS, Institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag, Institutt for sosialfag og Institutt for helsefag.

Det teknisk-naturvitskaplege fakultet består av Institutt for matematikk og naturvitskap, Institutt for data- og elektroteknikk, Institutt for petroleumsteknologi, Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi og Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging.

Ved Universitetet i Stavanger finst òg fleire forskingssenter. Nokre av dei er oppretta i samarbeid med eksterne samarbeidspartnarar.