en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Finn fram på campus!

Vår elektroniske kartløysing (MazeMap) leiar deg rett til rommet eller auditoriet du leiter etter! Kartet inneheld og anna viktig informasjon om bygningar og uterom.

Kartutsnitt fra Ullandhaug Prøv ut vår nyttige kartløysning! (Klikk på kartet eller lenkene under)

Gå direkte til kart for Ullandhaug (hovuedcampus) 

Gå direkte til kart for Bjergsted (Fakultet for utøvande kunstfag)

Gå direkte til kart for Arkeologisk museum

Dette er MazeMap:

  • Kartløysninga er laga for å hjelpe studentar, besøkande og tislette til å finne vegen på UiS sine campusar (og andre stader, hovuedsakeleg i Noreg).
  • Alle etasjar og romnummer på det sentrale universitetsområdet er lagt inn i det digitale kartet.
  • Du kan søke på romnummer og dele resultatet med andre via e-post eller Facebook.
  • Det er og mogleg å finne fram til hjartestartarar, toalett, kantiner og andre fasilitetar på campus.

Slik fungerer det:

  • Du kan navigere i kartet ved å bruke fingrane på mobilskjermen eller musa på en pc, og velje punkt med å trykke/klikke i kartet. Du kan og zoome inn og ut med + (pluss) og – (minus) teiknet øvst til venstre. Du bruker symbola pil opp og pil ned for å forflytte deg mellom etasjane.
  • Kvar endring vil gi en ny, unik nettadresse (url).
  • Øvst på midten vil du finne eit søkefelt kor du kan søke etter romnummer, kantiner etc.
  • Søkefeltet vil gi deg fleire treff, klikk på det treffet du vil ha (Eksempel A101)
  • På mobil kan du også klikke på "Click here to find your position" midt på skjermen nederst. Da får du opp kortaste rute du kan gå til målet.
  • Når du klikker på eit punkt på kartet, får du opp ein meny. Då kan du legge til/fjerne markering i kartet, dele akkurat denne kartreferansen (lenkje), lage ein sti til der du skal eller melde inn ein feil. (Dette gjelder både på pc og mobil/nettbrett).

Kva bygningar er tatt med i kartløysninga?

  • Heile den sentrale Ullandhaug-campusen er detaljert skildra i kartet
  • Måltidets hus, lengst sør på campus, er og med. Her held Forskingssenteret CORE til.
  • Lesesenteret (ekstern lenkje) sine kontor i Oljedirektoratet sitt bygg er forebels ikkje detaljert, men OD-bygningen er merka av på kartet.
  • Fakultet for utøvende kunstfag sin bygning i Bjergsted har eigen oppføring i kartet.
  • Det same gjelder Arkeologisk museum på Våland.

Last ned appen:

Det fins en egen mobilapp - last den ned her: