en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Bokhandel

Som student treng du bøker. Og skrivepapir. Og pennar. Og ein perm eller to til alle papira. Då har du så mykje at du treng ein sekk å ha alt i. Heldigvis må du ikkje forlate universitetsområdet for å få tak i dette.

Studenter i bokhandelen SiS bok, som ligger i Kitty Kiellands hus på campus Ullandhaug.

Studentsamskipnaden har ein stor bokhandel, SiS bok, omtrent midt på universitetsområdet, i Kitty Kiellands hus. SiS bok er den største fagbokhandelen i regionen. Her finn du den pensumlitteraturen du treng,  ei skjønnlitterær avdeling samt studiemateriell.

SiS bok hjelper deg også med å skaffe supplerande litteratur. Du kan bestille og kjøpe bøkene dine på nettsidene. Rundt semesterstart har bokhandelen utvida opningstider.