en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Røykjeområde på UiS

Det er ikkje lov til å røykje innandørs eller ved inngangspartia ved universitetet. Det er oppretta eigne røykjeområde som er merkte med skilt som viser kvar du er velkomen til å røykje når du er på campus.

Alle røykjarar må gå til tilviste stader på campus for å røykje. Hensikta med røykeplassane er å gje røykjarane eit tilbod som ikkje er til sjenanse for andre.

Arbeidsmiljøutvalet (AMU) ved UiS har i samråd med driftseininga og ein studentrepresentant vald ut elleve røykjeområde på Ullandhaug, to ved Bjergsted og eit ved Arkeologisk museum der ein kan røykje. Desse skal og nyttast av dei som røykjar elektroniske sigarettar. Det er sett opp skilt og oskebeger.  

Røykjeområda er desse:

1. Kitty Kiellands hus, nordvestleg side av bygget – røykjeområde utan tak

2. Sykkelskuret mellom Ellen og Axel lunds hus og Kjølv Egelands hus – røykjeområde med tak

3. Arne Rettedals hus, underetasjen (varemottak) – røykjeområde med tak

4. Kjølv Egelands hus, inngang sør ved kantina – røykjeområde utan tak

5. Kjølv Egelands hus, sørvestleg hjørne av bygget – røykjeområde utan tak

6. Kjølv Egelands hus, nordvestleg hjørne av bygget – røykjeområde utan tak

7. Kjell Arholms hus, sør/søraustre del av bygget – røykjeområde med tak

8. Kjell Arholms hus, sør/sørvestre del av bygget – røykjeområde med tak

9. Hagbart Line huset, nordaustre del av bygget ved symjehall – røykjeområde utan tak

10. Hulda Garborgs hus, vestre del av bygget – røykjeområde med tak

11. Hulda Garborgs hus, vestre del av bygget – røykjeområde utan tak

12. Bjergsted, nordre del av bygget – røykjeområde med tak

13. Bjergsted, østre del av bygget (terrasse) – røykjeområde utan tak

14. Arkeologisk museum, Våland, nedre del av museumshagen - røykjeområde med tak (røykjeskur)

 

Kart over røykjeområde på Ullandhaug.

 

 


 

UiS logo
Skilt som forteller at her har du lov å røyke