en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

UiS med eigen vin

Universitetet i Stavanger har fått sin eigen vin. Dei fyrste druene frå vingarden på Ullandhaug har blitt hausta og vinen er klar for prøvesmaking.

Deltakere under vinsmakingen på NHS 30. april 2013

EDLE DRÅPAR: Tysdag 30. april fekk ei eksklusiv forsamling prøvesmake vinen for fyrste gong. I kjøkkenauditoriet i Ellen og Axel Lunds hus inviterte førstelektor Helge Jørgensen bransjefolk, UiS-leiinga, UiS-studentar og tilsette til å kome med tilbakemeldingar.

– Den har ein tydeleg syresmak og luktar litt søtt. Foreløpig er det ein enkel og lett vin, men den skal bli fyldigare. Vinen har potensiale, seier Helge Jørgensen nøgd, etter å ha smakt på raudvinen for aller fyrste gong.

Førstelektoren ved Norsk hotellhøgskole ved UiS har vore primus motor for vingarden på universitetsområdet. No er han spent på korleis den nye UiS-vinen vil slå an.

Dei fyrste smaksprøvane
– Vinen har ein fin raudfarge og skin vakkert i glaset. Kva synst de, spør han og ser på den eksklusive forsamlinga som har benka seg klar for smaksprøvar i kjøkkenauditoriet i Ellen og Axel Lunds hus.

Under prøvesmakinga har alle fått tre glas vin kvar, som dei skal vurdere. I det første glaset er det rosévin produsert av Solarisdruer frå hausten 2011. I det andre glaset er det ein raudvin av den mørke sorten, med druer av Cabernet Cortis, frå hausten 2012. I det siste glaset er det ein blanding av druesortar, som har fått namnet Schüller. Også dei er hausta i 2012.

På benkeradene framfor Jørgensen sit bransjefolk og tidligare UiS-studentar, noverande studentar, nokre professorar og tilsette frå UiS, prorektor Tor Hemmingsen og UiS-direktør John B. Møst. Alle er begeistra for den nye vinen og konseptet dei får servert.

– Det er nok Cabernet Cortis-varianten som har størst potensiale, så eg trur vi skal gå vidare med den, seier Jørgensen, som no vil vidareutvikle vinen med gode innspel frå dei frammøtte.

Varemerke for UiS
– Dette var ein god vin, seier prorektor Tor Hemmingsen etter prøvesmakinga.

Han synest det er spennande at Norsk hotellhøgskole har dyrka fram eigne vindruer og no også utvikla ein heilt eigen vin. Han trur vinen kan bli eit varemerke for universitetet. 

Christian Topstad, tidligare hotelldirektør ved Clarion Hotel i København, no partnar i SemaGroup og prosjektleiar i Folkehallene, er også begeistra for UiS-vinen.

– Eg trur den kan ha appell. Det ligg ei god historie bak og smaksopplevinga blir prega av det. Dette bør bli ein vin som fortel ei historie og som tek deg tilbake til røtene, seier han.

Direktør Dan Steffen Aasen ved Rica Park Hotel i Stavanger har også tru på at vinen kan bli eit varemerke for UiS.

– Norsk vin vil aldri bli den nye Bourdeaux-en, men vinen er eit godt utgangspunkt for lokal historieforteljing. Norsk hotellhøgskole vil også få eit fortrinn ved at dei no kan vise studentar heile prosessen med korleis vin blir laga og produsert, seier Aasen.

Eige vinlaboratorium
Den nye UiS-vinen har ein alkoholprosent på 15,6 og eit syreinnhald på litt over sju prosent.

– No vil vi vidareutvikle smaken og prøve å redusere syreinnhaldet litt, fortel Jørgensen, som gler seg til å jobbe vidare med pilotprosjektet og med professorkollegaer som skal forske på utviklinga og framstillinga av UiS-vinen.

I fyrste omgang har Jørgensen fått produsert 30 flasker vin, men framover håper han å kunne auke volumet til nokre tusen flasker. Vinproduksjonen skal nemlig bli ein del av opplevingssenteret hjå Norsk hotellhøgskole, der studentane får undervisning både i kjøkkenauditoriet, i restaurantauditoriet, på vinlaboratoriet og i Kokebokmuseet.

Og til hausten skal studentane hans igjen dyrke druer på vingarden, som ligg på ei av markene til den økologiske garden på Ullandhaug. Der har nærare tre hundre drueplantar sakte, men sikkert vakse seg store og fyldige heilt sidan 2005.

Les også: Jaktar etter den gode vinen
Les også: Gentleman på hotell

Raudvin i glas

GOD RAUDVIN: – Foreløpig er det ein enkel og lett vin, men den skal bli fyldigare, seier Helge Jørgensen ved Norsk hotellhøgskole, om den nye UiS-vinen han har fått utvikla. (Foto: Elisabeth Tønnessen/UiS)