en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Turismeforsking mellom to permar

Forskarar ved Norsk hotellhøgskole på Universitetet i Stavanger har samla den mest aktuelle hotell- og turismeforskinga i bokform.

Det er Trude Furunes, Reidar J. Mykletun og Einar Marnburg som har redigert boka. Over 400 sider tek dei føre seg ei lang rekkje emne innan hotell- og turismefeltet.

Boka, som har fått tittelen «Current Research in Hospitality and Tourism», er i første rekke mynta på forskarar og studentar. Samstundes kan den også være av interesse for utøvarar i bransjen som vil ha innsikt i forskinga på dette feltet.

Les meir om boka

Turismeforsking mellom to permar

NY BOK: Aktuell hotell- og turismeforsking er no samla i bokform.