en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Søkte UiS-studier på Hurtigruta

Denne veka har Norsk hotellhøgskule ved UiS rekruttert nye studentar ute på havet om bord på sjølvaste Hurtigruta.

Hurtigruteskipet MS Kong Harald Hurtigruta er ein viktig arbeidsplass for uteksaminerte kandidatar frå Norsk hotellhøgskule. Foto: Dr. Gordon Stirrat, Hurtigruta

Nokre måtar å rekruttere studentar på er meir kreative enn andre. Norsk hotellhøgskule ved Universitetet i Stavanger brukte like greit Hurtigruta som arena når dei denne veka ynskte nye studentar hjarteleg velkomne.

– Rekruttere studentar

Frå mandag 24. mars til laurdag 29. mars har Norsk hotellhøgskule vore representert på hurtigruteskipet MS Kong Harald og vore tilgjengeleg for potensielle studentar langs Norges kyst. I åtte av hamnene på nordgåande rute har universitetslektor Margrete Vistnes, som står bak ideen til rekrutteringsmetoden, halde informasjonsføredrag om dei ulike studietilboda og fortalt om ulike moglegheiter ein får ved å studere på Norsk hotellhøgskule.

–  Målet med reisa er å rekruttere studentar, seier ho.

Og det må ho kunne seiast å ha lukkast med. På Facebook-profilen til Norsk hotellhøgskule har det vorte lagt ut fleire bilete av framtidige studentar ved UiS som søkte studier direkte om bord på Hurtigruta. Mette Bråten er ei av dei som logga seg på via Samordna opptak mandag, og som no skal studere restaurantleiing ved hotellhøgskulen.

Frå Bergen til Kirkenes
Vistnes trur det er lurt å leggje ut på ei slik ferd når ein ynskjer å nå ut til potensielle studentar som er nyfikne på tilboda som studiestaden har å tilby, og seier at hotellhøgskulen på denne måten når ut til potensielle studentar frå store deler av kysten.

– Det er kjempefint at Norsk hotellhøgskule deler den gode bodskapen, slik at flest mogleg får vite kva for nokre moglegheiter dei har på UiS innafor desse faga, seier Aleksander Kibsgaard, som tar deltidsstudiet på UiS og er hotellsjef på MS Kong Harald.

Flytande hotell
Fleire studentar ved Norsk hotellhøgskule er tilsett på Hurtigruta. Det er også mange uteksaminerte kandidatar som jobbar her.

– Det er ikkje så mange som tenkjer over det, men Hurtigruta er ei stor hotellkjede. Selskapet har mange flytande hotell, seier Vistnes.

På turen har Vistnes også fått innblikk i hotell- og restaurantlivet på hurtigruteskipet MS Kong Harald. I morgon, laurdag 29. mars, vil Hurtigruta ligge til kai i Kirkenes. Møt opp mellom 9.45 og 11.00 for å lære meir om Norsk hotellhøgskule ved UiS.

Interesserte kan ta kontakt i resepsjonen på Hurtigruta.

Les om studietilboda på Norsk hotellhøgskule.

Margrete Ytreland Vistnes

Margrete Vistnes skal treffe potensielle studentar frå Bergen i sør til Kirkenes i nord.