en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Skal forske på turistars involvering

Ved Norsk hotellhøgskole (NHS) skal forskarar undersøke korleis turistar kan involverast meir i turistopplevingar. Tre stipendiatar skal forske på temaet, som blir ei viktig satsing ved NHS.

Dei tre stipendiatane Guro Aarre, Lukasz Andrzey Derdowski og May Irene Furenes starta opp i haust, og har allereie kome i gang med forskingsarbeidet. Dei skal forske på samproduksjon, det vil seie korleis turistar kan vere med å produsere opplevingar saman med lokalbefolkninga på stader turistane besøker.

Bakgrunnen for forskingssatsinga er den harde konkurransen i internasjonalt reiseliv, som gjer at norsk reisleiv må tenkje nytt. Medan andre land kan tilby arbeidsintensive turistopplevingar, er lønnskostnadene for høge i Noreg til å kunne konkurrere med tilsvarande tenester. Ein ny veg å gå kan difor vere å satse på aktive turistar som skaper meir av turistopplevingane sjølve.

Sterkare opplevingar?
Gjennom forskinga håper fagmiljøet ved Norsk hotellhøgskole å kome fram til ei betre forståing av kva for element i reiselivstenestene som gir tilfredse turistar og korleis turistar sjølve kan bidra til gode turistopplevingar.

Kanskje er det slik at opplevingar turistane sjølve er med på å produsere, gir sterkare opplevingar? Forskarane ønskjer å finne ut meir om dei psykologiske og sosiale prosessane som speler inn i denne samproduksjonen og korleis reiselivsnæringa kan leggje til rette for maksimale turistopplevingar. 

I Noreg satsast det allereie på nokre former for opplevingsturisme, mellom anna i form av guida turar på isbrear og ulike aktivitetar innan ekstremsport. Gjennom forskingssatsinga skal også andre former for opplevingsturisme leggast under lupa.

Vitskapleg satsing
Dei tre stipendiatane innanfor satsinga ved NHS skal jobbe saman i ein kohort. Slik skal dei arbeide saman om å forske på fenomenet, på praksis og på metode og dei vil få gruppebasert dynamisk rettleiing. Fleire av dei vitskaplege tilsette ved NHS skal også involverast i den nye forskingssatsinga.

Kunnskapsdepartementet har gitt 11 millionar kroner til forskinga på samproduksjon ved NHS.

Stipendiatane Guro Aarre, Lukasz Andrzey Derdowski og May Irene Furenes ved Norsk hotellhøgskole (Foto: Asbjørn Jensen)

SKAL FORSKE PÅ TURISTOPPLEVING: Stipendiatane Guro Aarre, Lukasz Andrzey Derdowski og May Irene Furenes ved Norsk hotellhøgskole (Foto: Asbjørn Jensen)