en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Sjefen for Scandic på gamle trakter

– Det handlar ikkje om betong, ikkje om skilt, ikkje om system, men om menneskjer. Vi må vinne hjarte og mage åt våre tilsette, seier administrerande direktør for Scandic, Svein Arild Steen-Mevold. Sist torsdag deltok han på Serviceforum på Norsk hotellhøgskule.

Svein Arid Steen-Mevold på Norsk hotellhøgskule. FELLESSKAP: – Norsk hotellhøgskule er ein felles referanse til heile den norske hotell- og restaurantbransjen, seier Svein Arild Steen-Mevold.

Sjefen for Scandic-kjeda Svein Arild Steen-Mevold var nyleg invitert på Serviceforum 2015 på Norsk hotellhøgskule. Sjølv gjekk han på Hotellhøgskulen i åra 1989 til 1993. Han har berre gode minner frå tida som student.

– Det var nokre flotte år. Eg gjekk i lag med mange dyktige folk. Vi utfordra kvarandre i gruppearbeid og i klassa. Heile vegen hadde vi eit høgt fagleg fokus.

Det var ikkje berre det faglege nivået på Hotellhøgskulen som gleda ungguten som kom frå Mosjøen sør i Nordland. Han likte folka, klimaet og naturen. Men det beste av alt var fråværet av vinter.

– Eg trong ikkje vinterdekk til bilen, seier Steen-Mevold smilande. Han minnes kor lettvint det var å sleppe hjulskifting.

– Ikkje éin mat-klage
– Det er ingen stader i Noreg som har så høg kompetanse på ekstravaktar som i Stavanger, humrar Steen-Mevold.

Nesten alle studievenene hadde ekstrajobb. Sjølv jobba han på Bistrohuset og på Victoria hotell.

 – Han som dreiv Bistrohuset var ekstremt oppteken av kvalitet – av matkvalitet. Det var ikkje ein einaste mat-klage dei to åra eg jobba der, seier Steen-Mevold. Han legg òg til at dei hadde Noregs finaste toalett:

– Toalett blir ofte undervurdert.

Størst i Noreg
I fjor kjøpte Scandic-kjeda opp heile Rica-kjeda. Oppkjøpet er den største hotellhandelen som er gjort i Noreg. Frå å vere 16-17 hotell fekk Scandic no 84 hotell spreidd over heile Noreg. Størst i Norden.

Som administrerande direktør i Scandic har Steen-Mevold leia arbeidet med å integrere dei to bedriftene – og ikkje minst kulturane. Det var dette han snakka om på Serviceforum 2015.

– Det har vore litt av ei reise. Frå å vere den femte største har vi vorte den største hotellkjeda i Noreg. Vi må ta ei anna bedriftskultur inn i vår kultur, nett det har vore den største utfordringa, seier Steen-Mevold.

Og aller viktigast i eit slikt oppkjøp er ifølgje hotellsjefen:

– Det handlar ikkje om betong, det handlar ikkje om skilt, ikkje om system, men om menneskjer. Vi må vinne hjarte og mage åt våre tilsette. Det er en prosess som tek tid, seier Steen-Mevold.

Og så tek det ein god del reising. Det gjekk så langt førre året at kona Marit vurderte å endre namn til Scandic Marit. Kanskje han då ville kome oftare heimom?

Læring viktigast
Steen-Mevold har lang erfaring innan hotellbransjen. Då han var ferdig utdanna flytta han til Harstad kor han byrja som hotelldirektør på Viking Nordic Hotell. Etterpå kom han tilbake til Stavanger og Scandic Stavanger.

Etter å ha jobba i leiinga på fleire hotell, jobba han 6 år for Choice Hotels, kor han var konserndirektør for Clarion Collection Hotels før han igjen returnerte til Scandic som administrerande direktør i 2011.

– Det finst ein ting eg verdset meir enn andre ting: Læring er viktigare enn hierarki. Ein skal basere sine slutningar på fakta, og då er det ikkje alltid den som sit øvst som veit kva som er riktig til ei kvar tid. Ein må ha vett til å lære, forklarer direktøren.

Steen-Mevold har lært mykje av dei folka han har jobba med. Han legg til at det er ein eigenskap som har hjelpt han mykje og det er å vere audmjuk overfor eigen kapasitet

Ein annan eigenskap han trur kollegaene set pris på, er at han er stabil i humøret.

– Eg har stort sett berre gode dagar på jobb.

Felles utfordringar
Scandic-sjefen møter stadig vekk gamle klassekameratar.

– Norsk hotellhøgskule er ein felles referanse til heile den norske hotell- og restaurantbransjen, seier Steen-Mevold, som er glad for å vere invitert til Serviceforum 2015.

– Det er interessant å høyre om vinklingar på dei same problemstillingane som eg og Scandic står ovafor. Vi har dei same utfordringane, korleis andre løyser desse utfordringane, er nyttig kunnskap for meg. Eg er open for å lære heile vegen.