en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Serveringsbransjen freistar ikkje

Serveringsbransjen slit med å freiste til seg ungdom. Og ungdommar i dag er mindre interesserte i bransjen enn det ungdommar var for nokre år sidan, viser forsking frå Norsk hotellhøgskole.

Åse Helene Bakkevig Dagsland, som er universitetslektor ved Norsk hotellhøgskole ved UiS, forskar på kva slags haldningar ungdommar har til serveringsbransjen når dei skal vurdere framtidige yrke.

I ein studie i doktorgradsarbeidet sitt har ho spurt over 1800 ungdommar på 16 år om kva yrkesretning dei vil ta. Studien viser at dei unge ikkje har tenkt seg inn i serveringsbransjen.

– Interessa for bransjen er markert mindre i 2011 enn den var i 2002, fortel Bakkevig Dagsland.

Skeptiske foreldre
Fordi foreldre har stor innflytelse på kva utdannings- og yrkesveg ungdommar vel, har ho spurt ungdommane om korleis dei trur foreldra oppfattar arbeid i serveringsbransjen.

Ifølge UiS-forskaren er oppfatninga meir negativ enn positiv.

Ungdommane trur foreldra meiner bransjen ikkje er verdig nok for barna deira, og at bransjen er usikker, stressande og monoton. Dei trur også foreldra meiner at jobbane i bransjen er dårleg betalt og for dei med låge karakterar.

Må tenke nytt
Bakkevig Dagsland meiner bransjen må presentere seg sjølv på nye måtar overfor ungdom og foreldre om dei skal klare å lokke til seg ungdom som framtidig arbeidskraft. 

Åse Helene Bakkevig Dagsland presenterte nokre av funna sine på Nordic symposium in tourism and hospitality research, ein konferanse for reiselivsforskarar i regi av Nordlandsforskning, Universitetet i Nordland og forskingsprosjektet Opplevelser i nord.

Les også: Ungdom vil ikke inn i serveringsbransjen (forskning.no)
 

Servering i restaurant (illustrasjonsfoto)

FREISTAR FÆRRE: Ungdommar i dag er mindre interesserte i serveringsbransjen enn det ungdommar var for nokre år sidan, viser forsking frå Norsk hotellhøgskole ved UiS.