en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Planla påbygg av Rica Park Hotel

Eksamensoppgåva til hotellstudentar ved UiS var å planleggje korleis Rica Park Hotel i Stavanger skal kunne utvidast i høgda. Utbyggingsforslaga imponerte hotelleiinga.

Tidlegare Rica Park-direktør, Dan Steffen Aasen (nummer fem frå venstre). Studentane (frå venstre) Alexander Hagerup, Jørgen Hansen Juvik, Herman Nordby, Tomas Østensjø Tjelle og Helene Simonsen, Karina Langåker og Evelinn Gule Kolltveit. (Foto: Elisabeth Tønnessen, UiS)

GODE STUDENTOPPGÅVER: Tidlegare Rica Park-direktør, Dan Steffen Aasen (nummer fem frå venstre) blei imponert over korleis NHS-studentane løyste oppgåva med å planleggje eit påbygg av Rica Park i Stavanger. Her med studentane som leverte dei beste oppgåvene. Frå venstre: Alexander Hagerup, Jørgen Hansen Juvik, Herman Nordby, Tomas Østensjø Tjelle og Helene Simonsen, Karina Langåker og Evelinn Gule Kolltveit. (Foto: Elisabeth Tønnessen, UiS)

– Det kom inn mange gode forslag frå studentane. Det er tydeleg at dette er ei oppgåve som har engasjert og motivert mange. Samstundes har hotellet, saman med huseigaren, fått mange gode forslag og idear som kan takast med vidare i realiseringa av påbyggingsprosjektet, seier Dan Steffen Aasen, avtroppande hotelldirektør og tidlegare student ved Norsk hotellhøgskole (NHS).

Det er studentar som tek faget «Planlegging og drift av hoteller og restauranter» som fekk hotellplanlegginga som eksamensoppgåve. Oppgåva blei levert inn 5. april.

Reelle oppgåver
Ideen til oppgåva kom frå førstelektor Helge Jørgensen ved NHS, som tok kontakt med sin tidligare student for å sjekke moglegheita for at studentane hans kunne utarbeide forslag til konsept og utforming for den planlagde utvidinga av hotellet på eit par-tre etasjar.

– I fjor skulle studentane planleggje eit nytt hotellbygg på Orrestranda. I år blei det utviding av Rica Park hotell, fortel Jørgensen.

– Oppgåva var å utvikle eit nytt konsept eller vidareutvikle dagens. Gruppevis skulle studentane mellom anna ta høgde for eksisterande bygg, marknadssituasjon og framtidige preferansar hos hotellgjester, fortel Jørgensen, som trur studentane likar å få slike reelle oppgåver.

Lærerik prosess
Student ved NHS, Jørgen Hansen Juvik, syntest det heile var ein svært lærerik prosess. Han meiner studentane lærte mykje av å jobbe med ei slik oppgåve.

– Vi måtte bruke store delar av pensum for å løyse oppgåva og vi fekk eit større perspektiv på det å byggje og drifte eit hotell. Samstundes var det artig fordi det er eit reelt prosjekt, der det kan hende at nokre av ideane våre blir brukt, seier Juvik, som ser fram til å følgje utbygginga vidare framover.

– Vi måtte også sette oss godt inn i lovar og reglar og sjå nærare på korleis dagens situasjon var. Oppgåva er den største vi har arbeidd med her på NHS. Vi brukte også mykje tid på å få nøyaktige planteikningar og fekk litt hjelp av eit arkitektbyrå, fortel Juvik.

Heider og ære
Saman med Alexander Hagerup, Herman Nordby og Tomas Østensjø Tjelle vann han prisen for beste løysing av eksamensoppgåva. Premien var eit helgeopphald på eit valfritt Rica-hotell for alle dei fire i gruppa, pluss eit gåvekort på Tango.

Heider og ære gjekk også til NHS-studentane Helene Simonsen, Karina Langåker og Evelinn Gule Kolltveit for deira forslag til hotellkonsept. Dei tre fekk også eit gåvekort på Tango.