en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Nytt liv i gamal historie

Norsk hotellhøgskule har fått overrekt originale dokument frå stiftinga av skulen som kan blåse nytt liv i ei gamal historie.

Karl Mjelva utanfor Ellen og Axel Lunds hus ved UiS. Karl Mjelva utanfor Ellen og Axel Lunds hus ved UiS. Foto: Lukasz Andrzej Derdowski

Tidlegare student ved Norsk hotellfagskule Karl Mjelva, har vore direktør av Hotel Union i Geiranger i ein mannsalder. Han er også barnebarnet til Julie Mjelva som var med å grunnlegge skulen.

Mjelva deltok nyleg på ein klassereunion for å markere at det var 50 år sidan han og resten av klassa gjekk ut frå skulen. Med seg i bagasjen frå idylliske Geiranger, hadde han originale dokument frå stiftinga av skulen som han kunne overrekke til dosent og nestor Helge Jørgensen ved Norsk Hotellhøgskule.

Gammal historie
Historia til skulen går heilt tilbake til 1912 då ikkje mange såg behov for ein fagutdanning innan hotell og reiseliv. Mellom 7-8. september 1910 møttest aktørar innan norsk turisme på det første verkelege store turistmøtet i landet, «den første Norsk Turistkongres», for å drøfte kva ein kunne gjere for å møte dei nye turistane.

Julie Mjelva frå Hotel Union i Geiranger, ei av norsk hotellnærings føregangskvinner, tok fort ordet. Ho meinte det måtte vere ei hovudoppgåve for næringa å etablere ein fagutdanning for «landsturisthotelhusmødre».

Den 18. oktober to år seinare tok Norsk hotelfagskole imot sine første elevar i Smebys hotell i Bergen. Seinare vart skulen flytta til Kristiania, og så vidare til Sola Strand Hotel i 1952 og Stavanger i 1973.

– Viktig for historia
Dokumentet som Jørgensen fekk overrekt, er datert 3.12.40, og er eit «samandrag» frå skulen si spede byrjing og inneheld også eit referat frå den «store turistkongressen». Dette dokumentet har tidlegare ikkje vorte publisert, og er ifølge Jørgensen svært viktig for skulens historie.

– For Hotellhøgskulen tyder dette at vi får eit enno betre grunnlag for skulen si historie og bakgrunn. Eg meiner det er viktig å få dokumentert at vår bransje allereie på den tida var framtidsretta, og langt, langt før våre nordiske naboar. Dette dokumentet kan inspirere til å lage ein oppfølgar av vår jubileumsbok frå 2012, seier Jørgensen.

Karl Mjelva fortel at han nyleg fekk tilsendt dokumentet som blant anna inneheld eit ordrett referat frå Julie Mjelva sitt innlegg på kongressen. Karl Mjelva minnest bestemora som ei modig kvinne som sa i frå om kva ho meinte.

Tok over som 24-åring
– Ho tok ordet på dette møtet fordi ho var misnøgd med kritikken som var retta mot hotella på landsbygda, og meinte at det var opp til samfunnet å starte ei undervisning for faget og då spesielt for «hotellhusmødrene». Det var direktørane som stod på trappa og tok i mot gjestane på denne tida, og konene stod for både mat og stell, og ho meinte at det var på høg tid å få i gang undervisning for å skape betre turistmål, seier Karl Mjelva.

Han fortel at han har gode minner frå hotellfagskulen, og at det var kjekt å sjå att gamle klassekameratar på 50-årsjubileumet. Han måtte imidlertid skunde seg heim frå skulen i si tid for å ta over Hotel Union som 24-åring, då far hans døydde brått. No er han pensjonist og det er sonen, som fjerdegenerasjon, som driftar hotellet.

Reunion for klasse som gjekk på NHS for 50 år sidan.

Reunion for klasse som gjekk på NHS for 50 år sidan. Foto: Lukasz Andrzej Derdowski