en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Millionstøtte til cruiseforsking

Regionalt forskingsfond Vestlandet har løyvd inntil tre millionar kroner til eit nytt forskingsprosjekt om berekraftig cruisenæring.

Det er Fjord Norge-NCE Tourism som eig prosjektet, der Norsk hotellhøgskole ved Universitetet i Stavanger er med som partnar.

Næring i vekst
Cruiseturismen er i kraftig vekst og mange stader på Vestlandet er attraktive reisemål. I prosjektet skal forskarar difor sjå nærare på føresetnadene for ein berekraftig og lønsam cruisetrafikk i Noreg.

Under slagordet «optimizing people, planet and profit», vil dei sjå korleis ein best kan utvikle cruisesektoren på ein måte som integrerar og balanserar både sosiale, økonomiske og miljømessige omsyn.

Dei vil mellom anna analysera cruisepotensialet langs kysten og sjå korleis pengestraumane fordeler seg mellom lokale, nasjonale og internasjonale interessentar.

Viktige forskingsspørsmål i prosjektet vil også vere korleis ein stimulerar lokal kontroll, involvering og lønsemd; korleis ein kan bruke cruiseturismen til å styrke små lokalsamfunn og ikkje minst korleis ein kan få ned forureininga knytt til cruiseverksemda.

Behov for forsking
Professor Jens Kristian Steen Jacobsen ved Norsk hotellhøgskole peiker på at norsk reiseliv er prega av eit lite tilfredsstillande kunnskapsgrunnlag samanlikna med andre næringer.

– Cruiseprosjektet vil bidra til å forsterke denne kunnskapsplattformen, slik at Noreg og Vestlandet skal kunne hevde seg blant konkurrerande reisemål, seier han.

Dei andre partnarane i cruiseprosjektet er Vestlandsforsking, Transportøkonomisk institutt og Samfunns- og næringslivsforskning.

Cruiseskip

UNDER FORSKARLUPA: I eit nytt prosjekt skal forskarar studere utfordringar knytt til berekraftig og lønsam cruisetrafikk.