en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Internasjonal arrangementskonferanse

Frå 13 til 15. juni går “The Global Events Congress V” av stabelen ved UiS. 100-års-jubilanten Norsk hotellhøgskole er vertskap.

På konferansen skal forskarar og bransjefolk mellom anna diskutere kva som må til for å lukkast med festivalar, sportsarrangement og store konferansar.

Tittelen på årets konferanse er “The Global Events Congress V – Advances in Event Management Research & Practice”. Tidligare år har byane Brisbane, Kuala Lumpur, Guangzhou og Leeds vore vertskap.

Konferansen rettar seg mot alle i organisasjonar og i offentleg og privat sektor som jobbar med å arrangere slike arrangement. For vertskapskommunar, arrangørar og sponsorar vil konferansen difor vere særlig aktuell.

Store og strategiske arrangement
Ifølgje professor Reidar J. Mykletun ved Norsk hotellhøgskole ved UiS er det fleire viktige trendar som skal belysast under konferansen.

– Vi skal sjå nærare på Stavanger-regionen sin breie satsing på store arrangement, slik som ONS og Nordsjørittet, fortel Mykletun og held fram:

– Vi skal også drøfte korleis ulike typar arrangement kan brukast strategisk av ein region som Stavanger, og kva som bør vere med i ein god arrangementsportefølje, seier han.

Professor Donald Getz frå University of Calgary, Norsk Hotellhøgskole og School of Tourism ved University of Queensland vil følgje opp dette temaet i innlegget “Populations and portfolios: An organizational ecology approach to planning and evaluating festivals and events”.

Professor Harald Dolles frå Høgskolen i Molde skal halde innlegg om korleis store sportsarrangement kan bli bærekraftige. Tittelen på foredraget hans er "Hosting large-scale sporting events successfully: Questions of environmental friendliness and sustainability”.

Korleis skape gode opplevingar
Eitt anna tema som skal drøftast på konferansen er korleis ein kan designe og skape sjølve arrangementsopplevinga. Her vil Dr. Steve Brown frå Flinders University of South Australia halde innlegget "Creating and Staging the Event Experience: A New Paradigm for Event Research".

Og seniorforskar Charles Arcodia frå School of Tourism ved The University of Queensland skal halde innlegg om korleis ein kan skape eit heilt unikt arrangement.

Professor Tommy Andersson frå Universitetet i Gøteborg skal snakke om korleis dei som går på festivalar og dei som ikkje gjer det, verdsettar festivalar.

Andre hovudtalarar på konferansen vil vere kommersiell leiar i Region Stavanger, Heidi Jeanette Nygård, sjef for Nordsjørittet, Eli Orre og tidlegare ONS-general Kjell Ursin Smith.

I tillegg skal om lag 30 forskingsresultat frå heile verda presenterast, og store internasjonale forlag skal vere til stades for å treffe fagfolk som ynskjer å delta i fagbokproduksjon.

– Vi har framleis nokre plassar ledige til lokale deltakarar, fortel Mykletun, som håper mange i regionen får høve til å delta.

NHS feirar 100 år
For konferansedeltakarane vil det også bli ein mottakelse på Ledaal, ved ordførar i Stavanger, Christine Sagen Helgø. I tillegg blir det festmiddag og turar til stader som Lysefjorden og Preikestolen.

Konferansen er ein del av Norsk hotellhøgskoles (NHS) 100 års jubileum i 2012 og blir arrangert frå 13. til 15. juni på Sola Strand hotel.

Les meir om konferansen og meld din interesse her